Redaksjonen for dei nynorske nettavisene Framtida.no og Framtidajunior.no er strålande glade etter at Stortinget i revidert nasjonalbudsjett har vedteke å løyva 1,2 millionar kroner til dei to nynorsktiltaka for unge lesarar.
– Framtida.no og Framtidajunior. no er gode nynorsktiltak som leverer journalistikk til barn og ungdom som elles ikkje har tilgang på si eiga målform, seier stortingsrepresentant Terje Breivik (V) i ei pressemelding frå dei fire regjeringspartia. Han meiner vedtaket viser at nynorsktiltak er viktig for regjeringa.
Etter handsaminga av statsbudsjettet stod dei to tiltaka utan støtte, men fleirtalet i kulturkomiteen har peikt på at dette var viktige tiltak som burde vidareførast. Løyvinga gjeld for 2019 og er ein del av semja om revidert nasjonalbudsjett mellom dei fire regjeringspartia på Stortinget.
Det betyr at Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK), som driv dei to nynorsktiltaka for barn og unge, får innvilga søknaden sin som dei først ikkje fekk gjennomslag for i statsbudsjettet.
– LNK er eit tiltak samarbeidspartia har støtta i mange år, og det er kjekt at Stortinget med regjeringspartia i spissen endå ein gong bidreg til å fremja nynorsken, seier stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp).
Også Liv Kari Eskeland (H) er glad for løyvinga til Framtida.no og Framtidajunior.no.
– At støtta no blir vidareført er ei anerkjenning for det viktige arbeidet som vert gjort, og det bidreg vonleg til at barn og unge opplever at formidling på nynorsk og i seg sjølv har ein eigenverdi, seier representanten for Hordaland.
Løyvinga kjem etter at samarbeidsforumet Nynorsk forum i vår sende eit brev til Kulturdepartementet der dei 17 medlemsinstitusjonane og -organisasjonane bad om at det blei løyvd midlar for å sikra vidareføring av tiltaka.
Også stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) gler seg over at Framtida.no og Framtidajunior.no no kan halda fram. Han seier nynorsktiltaka har brei støtte blant målorganisasjonane og på Stortinget, og at det difor er eit mål å få gjort støtta meir føreseieleg.
Redaktør Svein Olav Langåker i Framtida.no og Framtidajunior.no er svært glad for løyvinga og for at redaksjonen får halda fram med å laga eit godt digitalt tilbod for barn og unge på nynorsk.
– Me har sett at tilboda blir meir og meir brukt. Då ville det vera synd viss me hadde vore nøydde til å kutta i tilbodet. Det slepp me no, seier han til Nynorsk pressekontor.
Så langt i år har dei to nynorsktiltaka i snitt blitt brukt av 110.000 brukarar kvar månad. Totalt har det vore ein halv million brukarar innom nettsidene til dei to digitale nynorsktilboda så langt i år.
– Me ser at det blir fleire faste brukarar, og at me blir brukt både i skulen og på fritida. Me ser òg at sakene våre i større grad blir sitert av andre. Det betyr at me lagar journalistikk som er viktig, seier Langåker.
Han håpar støtta vil halda fram og er glad for signala i pressemeldinga frå regjeringspartia om at det er eit mål å gjera støtta meir føreseieleg.
Også leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag er glad for løyvinga til Framtida-tiltak. Han viser til at Noregs Mållag er ein av organisasjonane som har ivra for at LNK skulle få pengar til dette i revidert nasjonalbudsjett.
– Me er glade for at regjeringa skjønar at barn og unge må få eit tilbod om aktuelt lesestoff på nynorsk som ei motvekt mot den store mengda av lesestoff på bokmål, seier han. (©NPK)