Heim Nyhende Norsk språk held stand på internett

Norsk språk held stand på internett

Målt mot dei store verdsspråka er bokmål og nynorsk lite brukte på internett, men undersøkingar gjennom meir enn 20 år viser at norsk held stand. Det skriv Ottar Grepstad i boka Språkfakta 2020.

– Det ser ut til at engelsk over tid er blitt mindre dominerande på internett. I 1999 var om lag 72 prosent av alle tekstar på internett på engelsk. I 2020 hadde dette minka til 60 prosent, påpeikar Ottar Grepstad i ei pressemelding i samband med utgjevinga av Språkfakta 2020.

Russisk var språket som auka mest i bruk, frå 1 prosent i 1999 til 9 prosent i 2020. Globalt er dette skiftet på så få år den største endringa i det språklege styrkeforholdet som har vore dokumentert det siste hundreåret.

Bokmål 35. plass i verda

Ottar Grepstad står bak Språkfakta 2020. Foto: Sara Berntsen / Samlaget

På lista over språk etter tal daglege brukarar er norsk (bokmål og nynorsk) språk nr. 171 i verda. I digital bruk er derimot norsk bokmål rangert som nr. 35 i Språkfakta 2020.

Facebook kan i 2020 tilby 111 språkversjonar, mellom dei både nynorsk og bokmål. Google og Google Translate er tilgjengeleg på 109 språk, mellom dei bokmål. Microsoft Office å finne på 87 språk, og 2 av dei var bokmål og nynorsk.

3 prosent nynorsk

Gjennom prosjektet Språkfakta har Ottar Grepstad kartlagd systematisk den digitale bruken av nynorsk og bokmål på norskspråklege nettstader like sidan 1997. Stoffmengda auka eksponensielt utover på 2000-talet, på bokmål så vel som på nynorsk. Stoff på nynorsk låg mellom 4 prosent i 1997 og 3 prosent i 2020. Aldri før har så mykje stoff på norsk – bokmål så vel som nynorsk – vore så tilgjengeleg for så mange. Det har truleg mest å seie for nynorskbrukarane, men det er også viktig for bokmål under presset frå engelsk.

Dei fleste medieverksemdene publiserer meir stoff på nynorsk enn statsorgan gjer. Mest nynorsk bruker NRK, Yr, Bergens Tidende, Stortinget og Firda. Viktigast for digitalt stoff på nynorsk er NRK.no. Av 21 000 artiklar i 2019 var 4000 eller 18 prosent på nynorsk. I 2011 publiserte NRK.no derimot 88 000 artiklar, og av dei var 14 000 (16 prosent) på nynorsk.

Stort arbeid

Med Språkfakta 2020 avsluttar Ottar Grepstad eit forskings- og dokumentasjonsprosjekt som tok til i 1997. No er faktum, forteljingar og dokument frå godt over 10 000 kjelder oppsummerte i ei trykt bok på 730 sider og ei e-bok med 1080 tabellar og figurar på 1777 sider. Eit eksklusivt samarbeid med forskingsinstitusjonen SIL International i Dallas har gjort det mogleg å vise internasjonale utviklingstrekk og kople desse til språksituasjonen i Noreg.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...