Heim Nyhende Jul i Trøndelag fyller 85 år

Jul i Trøndelag fyller 85 år

Det tradisjonsrike julebladet frå Trønderlaget jubilerer med tekstar av fleire forfattarar frå Trøndelag som skriv nynorsk.

– Jul i Trøndelag 2020 viser at det gror godt blant forfattarar som skriv på nynorsk i Trøndelag. Vi har med dyktige folk som Inger Johanne Sæterbakk, Erlend Skjetne, Ingrid Storholmen og Per Helge Genberg, fire forfattarar som alle er bokaktuelle i haust, fortel Espen Tørset. Lektoren frå Orkdal videregående skole har vore redaktør for Jul i Trøndelag sidan 2009.

– Elles er vi glade for at Inge Eidsvåg, opphaveleg frå Hitra, har skrive ein vakker tekst om Alf Prøysen og jula. Vi får møte trønderske musikarar som Jo Sverre og Frode Fjellheim.

Trønderlaget er fylkeslaget av Noregs Mållag. Bladet kom ut første gong i 1935.

I Jul i Trøndelag kan du òg lesa historia om det nynorske barnebladet Næmingen, skrive av Eivind Hasle. Barnebladet blei gjeven ut mellom 1898 og 1906 på Svorkmo i Orkland.

– Det er eit artig bidrag. Kulturhistorie! skriv Espen Tørset i ein epost til LNK.no.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...