108 ordførarar i Noreg har skrive brev til Google Norge og krev nynorskversjonar av program som er mykje i bruk i skulen. No svarar Google på oppropet.
I eit opprop frå nær ein tredjedel av alle ordførarane i Noreg, blir gigantselskapet utfordra til å sikra at dei over 90 000 nynorskelevane får møta språket sitt i alle skuleverktøya til Google.
Ikkje meir nynorsk i G Suite
Framtida.no har spurt Google Norge-sjef Tine Austvoll Jensen om kommentar på oppropet og om Google vil gjera noko for å få fleire verktøy på nynorsk, og kva tid det vil skje.
Andrea Lewis Åkerman, fungerande kommunikasjonssjef i Google Norge, skriv dette i ein epost til Framtida.no:
– Målet vårt med G Suite for utdanning er å tilby ein gratis pakke med verktøy som gjer undervisninga meir produktiv og som hjelper lærarar med å engasjera og inspirera studentar til å læra. Meir enn 140 millionar studentar og lærarar over heile verda bruker for tida desse verktøya til undervisning, læring, samhandling og deling – alt på éin stad.
– Mange lærarar over heile Noreg kan bruka og bruker dagleg plattforma vår til å undervisa på ulike tale- og skriftspråk, inkludert nynorsk. Me jobbar alltid med å forbetra og legga til fleire språk i tilbodet vårt, men når det gjeld verktøya me tilbyr som ein del av G Suite for utdanning, kan me for augneblinken ikkje auka støtta for nynorsk.
I ei undersøking Framtida.no gjennomførte i fjor, svara fire av fem lærarar ved nynorske grunnskular at klassen deira må bruka digitale ressursar på bokmål minst éin gong i veka – sjølv om dei kunne ønskt dei var på nynorsk.
Les også: Mållaget krev at nynorsken blir sikra i digitale læremiddel