Heim Nyhende Målrørsla er ikkje imponert over språklova: – Frykteleg skuffande

Målrørsla er ikkje imponert over språklova: – Frykteleg skuffande

Norsk Målungdom, Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum er skuffa over at språklova fjernar kravet om å kunne begge målformer for offentleg tilsette.

– Vi har sett år etter år at mållova ikkje blir følgd. Vi er redde for at det same blir tilfellet med den nye språklova. Det er eit plaster på såret at at fleirtalet i komiteen ønsker å evaluere lova og at ein då må vurdere sanksjonar.

Det seier leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold, i ei pressemelding.

Mistar klageretten

I fjor la regjeringa fram sitt forslag til ny språklov, noko målrørsla meinte det ikkje var grunn til å feire.

I dag la familie- og kulturkomiteen på Stortinget fram si innstilling til språklova. Og heller ikkje denne gongen er målrørsla nøgd.

Skjold er spesielt skuffa over at fleirtalet i komiteen vil fjerne klageretten til språkorganisasjonar, og byte denne ut med ein rett til å påpeike feil.

– Dei siste åra har vi hjelpt meir enn 200 studentar å klage på manglande nynorskoppgåver. Å klage på lovbrot kan vere byråkratisk og vanskeleg, spesielt for eksamensstressa ungdom. No håpar vi at det blir tatt like alvorleg når vi berre kan påpeike feil, seier Skjold.

Skuffa mållagsleiar

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, meiner regjeringspartia Venstre og KrF har gjort knefall for regjeringspartnar Høgre.

– Det er frykteleg skuffande. Vi hadde forventa ei språklov som verkeleg var offensiv på vegner av nynorsken, seier han i ei pressemelding.

Mållagsleiaren meiner føremålsparagrafen er historisk bra og peikar på at den lovfestar det offentlege sitt særlege ansvar for å fremje og sikre nynorsk som det minst brukte språket.

– Diverre står ikkje resten av paragrafane i stil med lova sitt eige føremål, meiner Lofnes Hauge.

Fjernar absolutt språkkrav

I forslaget sitt til ny språklov føreslo regjeringa å redusere kravet til statstilsette om å kunne bokmål og nynorsk frå ei tenesteplikt til eit mogleg krav. I den nye innstillinga kan staten krevja at tilsette med opplæring i sidemål skal meistra begge målformer, men det er ikkje eit absolutt krav.

Mållagsleiaren reagerer på at regjeringspartia har svekt kravet om nynorskkompetanse for tilsette i staten.

– Det er alvorleg og vil svekkje nynorsken i offentleg forvalting. Dessutan er det eit brot på regjeringa si eiga politiske plattform.

Mållagsleiaren er også skuffa over at språknøytrale fylkeskommunar ikkje får ei klar talfesting av korleis dei skal veksle mellom bokmål og nynorsk og at klageretten blir innsnevra.

Treng offensive leiarar

Mållaget og Målungdommen får støtte av direktør for Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Direktør i Nynrosk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

– Prinsippa i lova er gode, men dei blir ikkje følgde opp i dei paragrafane som regulerer den daglege bruken av nynorsk i staten og fylkeskommunane, seier Sandsmark i ei pressemelding.

– Utan svært offensive leiarar og tilsette i offentleg sektor kan lova føre til mindre nynorskbruk i offentleg sektor. Det er urovekkjande.

Han meiner likevel språklova inneber ein solid siger for språkmangfaldet i Noreg, både nynorsk og bokmål, men òg dei samiske språka, kvensk, romani, romanes og teiknspråk.

Vil ha sanksjonar

Både Målungdommen, Mållaget og Nynorsk kultursentrum er einige i at det er positivt at fleirtalet vil evaluere lova og er opne for å vurdere sanksjonar seinare.

– Vi meiner at lova må ha sanksjonar. Det er ikkje urimeleg å vente at staten følgjer sitt eige lovverk, avsluttar mållagsleiar Peder Lofnes Hauge.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...