– Vi er svært glade og takksame for at Fosse gir denne gåva til Nasjonalbiblioteket, seier direktør for fag og forsking, Hege Stensrud Høsøien.
I fjor fekk nemleg Nasjonalbiblioteket 28 boksar med privat arkivmateriale frå Jon Fosse. Materialet vart tidlegare oppbevart ved Nynorsk kultursentrum, som lenge arbeidde for å etablere eit permanent Fosse-arkiv. No blir dette å finne hos Nasjonalbiblioteket.
«Eg er takksam for at det vart teke initiativ til eit Fosse-arkiv, for alt det gode arbeidet Nynorsk kultursentrum gjorde, og eg er takksam for at Nasjonalbiblioteket ville ta over materialet, og arbeida vidare med dette Fosse-arkivet», seier Jon Fosse via pressemeldinga.
I desember besøkte Fosse Nasjonalbiblioteket for å sjå på materialet saman med Hege Stensrud Høsøien. Arkivet omfattar brev, notat og manuskript – og dessutan klipparkiv, fotografi, kassettar, CD-er og videoar. Tidsmessig går arkivmaterialet heilt tilbake til 1973 – då Fosse fekk det første innlegget sitt på trykk i Norsk Barneblad – og fram til i dag.
– Vi kjem mellom anna til å bruke arkivet til eiga forsking på Fosses litteratur og dramatikk. Vi planlegg faglege arrangement knytt til Fosse-festivalen, og vi er godt i gang med Fosse-bibliografien, seier Høsøien.
«Det har vore mange produksjonar av teaterstykke (og er det framleis), og dersom det er interesse for å dokumentera det som har skjedd, og som skjer, så har eg sjølvsagt ingenting imot det. Det har òg vorte skrive ein god del avhandlingar og liknande om diktinga mi i fleire land, og dersom eit slags arkiv kan bli tilgjengeleg for dei som vil arbeida med forfattarskapen, i Noreg og i utlandet, så må vel det vera av det gode», seier Fosse vidare.
Nasjonalbiblioteket vil i åra framover halde fram med å samle inn arkivmateriale etter Jon Fosse. Innsamlinga skjer mellom anna i samarbeid med forlaget Samlaget, Det Norske Teatret, Nynorsk kultursentrum og Winje Agency.
– Fosses nettverk av litterære agentar, forlag og teater er inne i eit generasjonsskifte. Derfor hastar det med å få samla inn dette materialet før det går tapt, seier Høsøien.
(©NPK)