Heim Nyhende Gjer eit nytt forsøk på å opprette nynorskklasse i Bergen

Gjer eit nytt forsøk på å opprette nynorskklasse i Bergen

For første gong på 20 år kan det igjen bli nynorskklasse i ein av sentrumsskulane i Bergen.

Det er Bergen mållag og Fana mållag som no står bak eit nytt forsøk på å få i gang ei nynorskklasse ved ein sentrumsnær barneskule i Bergen. Valet har falle på Midtun skule, ikkje langt frå sentrum i Fana, Nesttun.

Leiar i Fana mållag Oddvar Skre seier til Nynorsk pressekontor at foreldre har frist til 6. februar med å melde borna sine inn til ei nynorskklasse. Han håper at mange nok melder seg til at dei kan starte opp ei nynorskklasse ved Midtun skule til hausten. Positiv respons

Skre fortel at byrådet i Bergen er positiv til forsøket, og det er også rektor og lærarkollegiet på Midtun. Skre er glad for at kommunen i det han kallar ei krevjande tid for skuledrift, har klart å finne ein skule der det både er rom, kompetanse og iver for å gi nye førsteklassingar ei sjuårig grunnskuleutdanning på nynorsk.

Når det no blir gjort forsøk på ei nynorskklasse på Midtun skule, så skjer dette i eit historisk nynorskområde. Det bur framleis ein del gamle nynorskbrukarar i bydelen, og det er også ein del tilflyttarar frå nynorskkommunar.

Bergen kommune har slått fast at byen skal vere nynorskhovudstaden på Vestlandet, eit naturleg sentrum i ein nynorskdominert region.

Oddvar Skre fortel at dei i tidlegare forsøk på å starte opp nynorskklasse i Bergen sentrum har blitt motarbeidd av ein del krefter. Ikkje først og fremst politikarar, men heller frå folk i administrasjonen.

No er han oppmuntra av positive signal frå det styrande byrådet.

Det er også i dag fleire skular med nynorsk i Bergen kommune, men ikkje i sjølve byen. Til dømes er Salhus skule ein rein nynorskskule, og det er også nynorskklassar i Arna. Alle i Bergen kan søkje

Alle som har born som skal byrje på skulen til hausten i Bergen, kan søkje seg til nynorskklassa på Midtun, same kvar dei har bustadadresse i byen.

Midtun skule ligg like ved bybanestoppa Nesttun og Skjoldskiftet. Dei som bur meir enn to kilometer frå skulen, vil ha rett på skuleskyss og tilbod om SFO.

Bystyret i Bergen har tidlegare ein del tiltak som skal gjere nynorsk meir synleg i Bergen kommune. Blant tiltaka er at nynorskelevar i ungdomsskulen, så langt det er råd, får gå i same klasse. I utlysinga av ledige stillingar ved nynorskskular skal det gå tydeleg fram at tilsette må ha god kompetanse i nynorsk.

Det heiter også i vedtaket at nynorskelevar bør få tilsvarande tilbod som bokmålselevar om bruk av digitale læremiddel på si eiga målform. Bergen kommune skal dessutan vere med på å løfte problematikken om digitale nynorske læremiddel overfor Utdanningsdirektoratet.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...