Heim Nyhende Kristin Berge hjelper 4000 tilsette i Vestfold og Telemark med nynorsken

Kristin Berge hjelper 4000 tilsette i Vestfold og Telemark med nynorsken

Fylkeskommunane har fått språklege plikter med den nye språklova. Vestfold og Telemark tilsette nynorskkonsulent allereie i fjor.

Kristin Berge har gått frå å vera nynorskkonsulent i engasjement til fast tilsett som kommunikasjonsrådgjevar og ansvarleg for nynorsk og klarspråk i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

– Eg har starta med blanke ark, nesten. I Telemark er nokre tilsette vande med å skrive nynorsk, men i Vestfold er det mest ingen – eller kanskje ingen, som har nynorsk som hovudmål. Eg har fått på plass nynorskkontaktar i kvar seksjon, desse har eg sendt ut nynorskbrev til, og bede dei formidle til kollegaer at eg finst og kan hjelpe. I nynorskbreva har eg formidla tips og skriveråd. Fylkeskommunen har også ei innside, ei intern heimeside, med gode råd om skriving – også på nynorsk.

Synleg i media

Kristin Berge òg skrive lesarinnlegg til avisene i både i Vestfold og Telemark.

– Eg er fast spaltist i sidene Telemark Tidend i Telemarksavisa (TA). Det er fire sider nynorsk i avisa kvar fredag. I utganspunktet var Telemark Tidend ei avis Mållaget Dag gav ut, men var eit vedlegg i avisa Varden frå 1948 til 2011. Då overtok TA, og her får nynorskkonsulenten i fylkeskommunen kome med nynorske tankar.

– Vestfold og Telemark fylkeskommune er ein stor organisasjon med over 4 000 tilsette, og det er vanskeleg å nå fram med bodskap, for det blir veldig mange bodskap som skal nå folk. Men vi held fram, for politiske vedtak må vi jo etterleve.

Kristin Berge frontar nynorsken i lokale media og internt i fylkeskommunen. Foto: privat

Positive tilbakemeldingar

– Det har berre vore positive tilbakemeldingar på det eg har gjort. Samstundes har folk det hektisk, og eg trur vedtaket om minst 25 prosent nynorsk som fylkestinget fatta i 2019 ofte blir oppfatta som ei tilleggsoppgåve. Eg håpar eit omsettingsverktøy vil hjelpe på motivasjonen.

– Korleis har det gått, då? Har de greidd målet om 25 prosent nynorsk i kommunikasjonen frå fylkeskommunen?

– Nei da. Vi har ein lang veg å gå! Det er ikkje store resultata så langt, dessverre.

– Korleis måler de dette?

– Etter råd frå Språkrådet kan måling skje ved at kvar fjerde tekst er på nynorsk. Ansvaret ligg hjå sektorleiarane.

Nybrottsarbeid

Kristin Berge synest synest det har vore eit artig nybrottsarbeid å vere nynorskkonsulent i fylkeskommunen.

– Eg hadde ingen retningsliner å følgje, så eg har famla meg litt fram. Eg må innrømme at det har vore ein trå start med heimekontor nesten heile tida, men eg trur det blir enklare når vi møtes igjen. Eg ser også fram til at omsettingsverktøyet kjem på plass. Folk lærer ikkje å skrive nynorsk av eit slikt verktøy, men eg håpar at meir nynorsk vil gjere folk meir positive og inspirerte. Kanskje kan dei bli betre også? Ein lærer av å lese, som kjent.

No har ho gått frå engasjement som nynorskkonsulent til fast tilsett som kommunikasjonsrådgjevar.

– Eg skal framleis ha ansvar for nynorsk og klarspråk, i tillegg til andre kommunikasjonsoppgåver.

Kristin Berge har bakgrunn som journalist i mange år i avisene Varden, Telemarksavisa, Vest-Telemark Blad og Sandefjords Blad.

– Dei siste ni åra har eg vore informasjonsansvarleg ved Telemark museum. I telemarksavisene skreiv eg for det meste nynorsk, men etter ni år på museet i Brekkeparken i Skien måtte eg verkeleg friske opp nynorsken min.

God hjelp

– Kva råd vil du gi til andre fylkeskommunar for nynorskarbeidet deira?– Eg er vel framleis der at eg hentar råd og tips hjå andre. Eg er takksam for kunnskapsdeling frå blant andre Stavanger kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Eg er ganske ofte innom heimesidene til Vestland fylkeskommune for å finne hjelp, dei er veldig gode.

– Trur du den nye språklova kan hjelpa til slik at det blir meir nynorsk i enkelte fylkeskommunar?

– Ja, no er det lovfesta! Vi skal fremje språkmangfaldet, nynorsk skal vere jamstilt med bokmål – og offentlege etatar har særleg ansvar. Eg er også glad for at klarspråk er lovfesta. Det blir jo skrive ein del tekstar i byråkratiet som mest er uforståeleg.

– I kva grad er fylkeskommunane førebudde på å svara innbyggarane sine på deira eige skriftspråk?

– Det er ganske mange i organisasjonen som kan skrive nynorsk, sjølv om det ikkje er hovudmålet deira. Eg har også forsøkt å formidle at eg er her, og kan hjelpe. For mange er det nok likevel eit heft å måtte svare på den målforma dei ikkje brukar til dagleg.

LES OGSÅ: Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for kommunane

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...