Heim Nyhende Medietilsynet refsar NRK for manglande nynorsk

Medietilsynet refsar NRK for manglande nynorsk

Medietilsynet slår fast at NRK oppfylte samfunnsansvaret i samsvar med krava i 2021, bortsett frå kravet om 25 prosent nynorsk på radio og nett. – Vi jobbar med saka, seier språksjef Karoline Riise Kristiansen.

Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, ber no NRK om å leggje fram ein konkret plan for korleis nynorsk-kravet skal bli nådd for alle plattformer.

Stortinget har avgjort at NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på alle plattformer, og prosentkravet må vere oppfylt for kvar enkelt plattform. I 2021 vart kravet berre oppfylt for TV, medan radio og nett låg under. Radio hadde ein nynorskprosent på 22,7 prosent, medan NRK.no hadde 19 prosent nynorsk.

Ifølgje Medietilsynet har NRK aldri oppfylt kravet om 25 prosent nynorsk på nett, og radioen greidde ikkje kravet korkje i 2020 og 2021.

Dialog med tilsynet

Språksjef Karoline Riise Kristiansen i NRK seier til Nynorsk pressekontor at dei er i dialog med Medietilsynet, og at dei vil arbeide for å styrke språkarbeidet i NRK slik at også radio og nett i framtida skal nå kravet om 25 prosent nynorsk.

Ho fortel at dei har sett i verk fleire tiltak dei siste to åra for å få meir nynorsk på nett. Då dette prosjektet starta, var målet å nå 25 prosent nynorsk på NRK.no i 2025.

– Vi har framleis dette målet, og har framleis litt tid på oss til 2025, men vi håper å greie det før. Vi skal auke nynorskbruken år for år, seier ho.

Språksjef i NRK Karoline Riise Kristiansen. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Ein måte å gjere dette på er å «snu sovande nynorskbrukarar».

– Det er journalistar som har hatt nynorsk som hovudmål, men som seinare har gått over til bokmål i løpet av vidaregåande eller under høgare utdanning, forklarar språksjefen.

Bruker nynorskrobot

Ho fortel også at NRK er aktiv brukar av nynorskroboten som Nynorsk pressekontor har utvikla, men at roboten aldri kan erstatte språkleg dyktige journalistar.

– Vi veit at ei synleggjering av skriftleg nynorsk er viktig for ei større forståing for nynorsken, og nynorskprosenten på NRK.no har vore for låg. Vi er spesielt opptekne av å rekruttere fleire nynorskjournalistar, legg Karoline Riise Kristiansen til.

Ho opplyser at dei tidlegare har målt nynorskprosenten for alle plattformer under eitt, men at dei no skal vere nøye med å sørgje for at kvar enkelt plattform oppfyller kravet om 25 prosent nynorsk.

– Språkarbeidet blir stadig viktigare, og det gjeld ikkje berre nynorskprosenten. Vi har også ansvar for å bruke teiknspråk, dei samiske språka og kvensk, men også romani og romanes, minner ho om.

– Oppfyller krava

Når det gjeld alt anna enn nynorskprosenten er Medietilsynet godt nøgd med NRK. Det er sett opp 50 krav i allmennkringkastingsoppdraget , som er forma ut for å sikre eit breitt og kvalitativt tilbod til alle innbyggjarane i landet.

NRK skal sikre nyheiter, aktualitetar og kulturstoff for både breie og smale grupper. Vidare skal kringkastaren spegle mangfaldet blant innbyggjarane og bidra til utdanning og kunnskap, skape arenaer for debatt, tilby innhald som er produsert i og tek utgangspunkt i distrikta, og såleis formidle ein brei variasjon av norsk kultur og norske kunstuttrykk.

Mari Velsand direktør i Medietilsynet. Foto: Lise Åserud / NTB

Tilsynet peikar også på at den særskilde rolla NRK har i å tilby ei brei og balansert dekning av politiske val.

Medietilsynet konkluderer med at NRK samlar innbyggjarane nasjonalt, og at dei saman med andre redaktørstyrte medium er ei viktig motvekt til alternative og ikkje-redaktørstyrte medium og falske nyheiter.

– Under pandemiåret 2020 vende svært mange seg til allmennkringkastarane for å få oppdatert og truverdig informasjon. NRK rapporterer at også 2021 vart eit år med rekordstor interesse for nyheitsinnhaldet på alle plattformer, seier Mari Velsand i Medietilsynet.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...