Heim Nyhende – Nynorsk må med i digitaliseringsplanen, Tonje Brenna!

– Nynorsk må med i digitaliseringsplanen, Tonje Brenna!

Kunnskapsminister Tonje Brenna har kunngjort at ho vil utarbeide ein digitaliseringsplan for skulen. Noregs Mållag meiner dette er eit viktig og godt tiltak og minner om at språkperspektivet må med.  

– Det digitale frisleppet i skulen er ein katastrofe for nynorskelevane, og ein  digitaliseringsplan for skulen må gjere noko med dette, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.

Flaum av bokmål

I ein stadig meir digital skulekvardag fløymer nynorske klasserom over av læremiddel, læringsressursar og læringsverktøy som ikkje finst på nynorsk.

I ei undersøking LNK og Nynorsksenteret gjennomførte i vinter, svara eit stort fleirtal av rektorane på skular med minst 10 nynorskelevar at det mest brukte læremiddelet deira ikkje fungerer like godt på nynorsk som på bokmål.

– Det gjer at nynorskelevane får ei dårlegare opplæring enn bokmålselevane, og retten deira til opplæring på eige språk vert ikkje teken på alvor, seier Synnøve Marie Sætre.

Må stilla krav

– Me kan ikkje finne oss i at digitaliseringa i skulen går utover kvaliteten på opplæringa til nynorskelevane. Det må kunnskapsministeren ta på høgste alvor, og ho må nytte dette høvet til å gje dei den opplæringa dei har krav på, seier Synnøve Marie Sætre.

Ho meiner det er ein god start å stille krav til læremiddelprodusentane og å lage eit kvalitetssikra oversyn over lovlege læremiddel. Det gjer det lettare for kommunane som skuleeigar å gje elevane læremiddel som faktisk finst på nynorsk.

LES OGSÅ: Rektorar på nynorskskular ønskjer hjelp frå ny opplæringslov

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...