Heim Nyhende Litteraturdagane synte krafta i forteljingane

Litteraturdagane synte krafta i forteljingane

– Med nye og gamle blikk på Tarjei Vesaas, skeivt kulturår og norsk samtidslitteratur har publikum fått oppleve krafta i forteljingane på Litteraturdagane denne veka, seier arenaleiar ved Vinjesenteret Petra Helgesen.

Litteraturdagane 2022 stadfesta i helga at dette er ein festival med nasjonale perspektiv med solid fotfeste i diktar– og kulturbygda Vinje.

Blant høgdepunkta under festivalen var tildelinga av Storegut–prisen til Guri Vesaas, konsert med Frode Grytten Beat Band og samtalen med den prisløna Vinje–forfattaren Kjersti Rorgemoen. Det var mykje latter i salen og god stemning.

2240 gjester fekk med seg konsertar, film, føredrag og høgtlesing under Litteraturdagane.

– Fredagen var besøkstalet høgare enn tidlegare år, og det var berre på sundagen at det var billettar att å få kjøpt, seier Helgesen i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

– Me når mange med Litteraturdagane! I tillegg har me passert 1 000 gjester i utstillinga så langt i år. Det er kjekt å kjenne at Vinjesenteret som kulturinstitusjon er kome godt i gang.

Guri Vesaas var stolt mottakar av Storegutprisen. – Eg håpar at prisen kan vere med
på å stimulere til at det blir skrive meir nynorsk litteratur for born, og at det kan vere
med å auke lystlesnaden til born, sa ho i takketala si. Foto: Andre Nesheim

God støtte frå frivillige

Til saman har rundt 30 frivillige vore med under Litteraturdagane. Dei har rigga og rydda, servert og kokt kaffi, køyrt utøvarane, sjekka billettar og vore scenearbeidarar.

Laget Vener av Vinjesenteret og andre frivillige har nok eit år vore med på å skape eit svært godt kulturtilbod i Vinje desse dagane.

Kjersti Rorgemoen fortalde om boka «Eit praktisk menneske» i samtale med kritikar
Eivind Myklebust. Foto: Mari Tveit

Skeivt kulturår

Vinjesenteret er ein del av Nynorsk kultursentrum. Stiftinga er ein av dei største aktørane i både Skeivt kulturår 2022 og ikkje minst 125–årsjubileet for Tarjei Vesaas.

– Vinjesenteret er ein stad der tradisjon og samtid treffer kvarandre, og skapar nye opplevingar. Det er eit viktig og naturleg tilskot til nynorsk skriftkultur, utdjupar Helgesen.

Neste år finn Litteraturdagane stad 25. til 27. august. I mellomtida er det fleire arrangement på Vinjesenteret og utstillinga er ope for publikum gjennom heile året.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...