Heim Nyhende Nynorsk kultursentrum med på stjernelag i forsking 

Nynorsk kultursentrum med på stjernelag i forsking 

Nynorsk kultursentrum er med i eitt av 82 prosjekt som får støtte frå ordninga for banebrytande forsking i  Noregs forskingsråd.

Ibsen og Bjørnson opna den globale litterære marknaden for norske forfattarar, men kva skjedde med den norske litteraturen etter 1900? Korleis orienterte norske forfattarar seg i ein periode der romanen var blitt dominerande, der engelsk blei det viktigaste språket, og der den tyske vegen blei nazifisert?

Forskarar frå fleire institusjonar skal sjå på ulike forfattarskap, blant anna korleis Tarjei Vesaas og Olav Duun nådde ut i Tyskland, Storbritannia og USA mellom 1900 og 1950.

Nasjonalbiblioteket og Universitetet i Oslo er sentrale samarbeidspartar i prosjektet. Nynorsk kultursentrum deltek med forskar II Narve Fulsås. Fulsås er også professor i historie ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

– Inkludert i prosjektet er eit forskingsseminar i regi av Nynorsk kultursentrum, to forskingsartiklar og ei bok. Eg nyttar kjeldemateriale om Vesaas og Duun som ingen har studert før, seier Fulsås.

Over 1 500 søknader blei sende inn til fristen. 82 blei valde ut, og dette prosjektet får om lag 12 millionar kroner i prosjektperioden.

– Vi  er stolte av å vere ein del av dette samarbeidet og gler oss til å bidra til å finne ny kunnskap om kjende forfattarar innan nynorsk skriftkultur, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...