Heim Nyhende Kurs: Vil du bidra til å gjera kommunane betre på klarspråk og...

Kurs: Vil du bidra til å gjera kommunane betre på klarspråk og nynorsk?

Velkommen til kurs! Me skal bruka to dagar på å gå gjennom viktige reglar og råd for den som skal kursa offentleg tilsette.

Hovudmålet med kurset er å trena opp nye På saklista-kurshaldarar for LNK. Men kurset vil òg vera svært godt eigna for å gjera deg som jobbar med kommunikasjon i stand til å driva effektiv internopplæring på nynorsk og klarspråk.

Grunnboka er På saklista, du skal få tilsendt den nyaste utgåva frå 2016. Me rår sterkt til at du les gjennom den boka før kurset, slik at du er bra førebudd på kva tema som er aktuelle.

Program


Tysdag 25. oktober
10.30–11.45 Presentasjon av kurset og deltakarane. Kvar deltakar får eitt minutt til å framstilla seg sjølv.
– Om kva som hindrar kommunikasjon, med utgangspunkt i internasjonal forsking
– Språklova, eit viktig dokument som også bind deltakarane

11.45–12.20 Mat

12.20–13.20 Nokre punkt om kva som gjer språket tyngre, og korleis me kan unngå dei

13.30–15.15 Kort gjennomgåing av viktigaste reglane i nynorsk og korleis ein best underviser i dei. Kjapp sjekk på kva me kan.

15.30–17.15 Å byggja ein tekst, øving
– Ordvalet i nynorsk 
– Kjønn og språk
– Høfleg tiltale, den personlege tonen
– Normalprosa og lågprosa, kvar brukar me kva?

Onsdag 26. oktober
09.00–09.30 Deltakartypar, frå bly til gull ☺

09.15–11.45 Ulike teksttypar i offentlege skriv
– Brevet frå kommunen, sjå på standardbrev 
– Rapporten 
– Framstilling av ei offentleg sak, ein mal og nokre punkt å drøfta 
– Notatet og referatet

11.45–12.20 Mat

12.20–14.00 Ulike kurstypar, me deler ut fleire modellar: 
1) To dagars kurs med diagnose og mellomliggjande arbeid
, 2) Dagskurs (med diagnose), 
3) Større kurs/studium
, 4) Gjennomføring av ein språkbruksplan. Me deler ut mal for slike planar og går gjennom dei.

14.15–15.30 De får ein liten test som me gjev tilbakemelding på.

Hugs å sjå gjennom boka. Eg ber alle om å senda til meg eit lite notat på maks éi side, der de drøftar kva som kan vera vanskeleg og kva som kan vera kjekt med å bruka nynorsk i det offentlege. Send til jan.olav@fretland.no, frist 20. oktober.

Kurs og opphald er gratis. For spørsmål eller påmelding: send melding til post@lnk.no eller ring 948 75 365 så snart som mogleg, og innan 20. oktober.

Med helsing
Jostein Avdem Fretland og Jan Olav Fretland

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...