Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).
Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland & Fretland AS i Lærdal.
Jan Olav Fretland, dosent emeritus ved Høgskulen på Vestlandet, har det faglege ansvaret.
«På tavle og på skjerm»
Målgruppa her er lærarar i nynorsk- og språkdelte klassar, og kurset tek føre seg både nynorsk rettskriving og effektive metodar for å lære bort nynorsk til andre.
Dette kurset har 5–6 kortare samlingar, og blir som regel heilt eller delvis gjennomført digitalt.
For å tinga kurs, ta kontakt med jostein(a)fretland-fretland.no.
Medlemskommunar har rett på eitt kurs i året med 75 prosent rabatt. Kommunar med meir enn 25 000 innbyggjarar har rett på to kurs i året med slik rabatt. Ikkje betalande medlemer har rett til å vera med på kursa til betalande medlemer, dersom det er ledig plass.
PRØV OGSÅ DET DIGITALE NYNORSKKURSET VÅRT FOR LÆRARAR!
Kurs for skuleklassar
I samarbeid med Framtida Junior, Magasinett og Framtida.no tilbyr LNK fleire kurs tilpassa elevar frå mellomtrinnet og til og med vidaregåande skule. Debattkurs, bokbadar- og bokmeldingskurs, journalistkurs og skrivekurs er noko av det me tilbyr.
Så langt har over 3000 elevar blitt kursa, og tilbakemeldingane er veldig gode. Fleire av kursa er støtta av Utdanningsdirektoratet eller andre støttegjevarar, og er då gratis for påmelde klassar.
Interessert? Ta kontakt med svein @ framtida.no!
Pirion-kurs: Kurs i formidling av nynorsk barnelitteratur og song
Pirion, kulturavisa for alle som jobbar med barn, tilbyr digitale og fysiske kurs i samarbeid med LNK. Desse er retta mot lærarar i småskulen og tilsette i barnehagar. Dei digitale kursa er gratis og er lagt opp slik at det kan gjennomførast i økter på ein time i samband med personalmøte.
Janne Karin Støylen kursar barnehagar og barneskular i å formidla dei gode barnebøkene på nynorsk.
Er du interessert i å tinga Pirion-kurs? Ta kontakt med pirion @ pirion. no!