Landssamanslutninga av nynorskkommunar ønskjer velkommen til landsting i Sogndal 1.-2. juni på Quality Hotel Sogndal.
Landstinget til LNK blir arrangert annakvart år, og er ein viktig møteplass for nynorskkommunane. Målet vårt er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane. Landstinget opnar torsdag 1. juni klokka 10.
Me håpar du har høve til å koma slik at kommunen din blir representert!
Sjå landstingsheftet med årsmøtesaker her!
TORSDAG 1. JUNI
09.00 Registrering
10.00 Opning: Velkomen til Sogndal v/ordførar Arnstein Menes
10.10 Leiartale ved Sara Hamre Sekkingstad, styreleiar i LNK
10.25 Kulturell opning med Gunn Kvaale
Tema: Korleis kan kommunane nå dei unge?
10.45 Snakk med oss unge – så me vil flytta heim! Ved Anne Bratthammer, medlem i
ungdomsutvalet i Ryfylke
11.05 Kva kan kommunane gjera for å koma i dialog med dei unge? Med Anne Bratthammer, Gunn Kvaale m.fl. Samtaleleiar: Andrea Rygg Nøttveit
11.45 Korleis jobbar Framtida.no med å nå dei unge Innleiing ved Andrea Rygg Nøttveit, redaktør i Framtida.no
12.00 Lunsj
Tema: Robotane kjem! Korleis kan språkteknologi hjelpa kommunane?
13.00 Nynorskroboten og kva språkteknologi kan hjelpa kommunane ved Jo
Christian Oterhals, datautviklar ved NTB Arkitekst og tidlegare adm. dir. og redaktør VGTV
13.20 Klarspråk med hjelp av Chat GBT ved Jostein Avdem Fretland, språkkurshaldar for LNK
13.40 Språkleg tryggleiksnett ved Kjetil Haug, Tansa Systems
13.50 Korleis kan språkteknologi hjelpa kommunane? Med Jo Christian Oterhals, Unni Berland, prosjektleiar for språksatsinga i Stavanger, Jostein Avdem Fretland. Samtaleleiar: Svein Olav B. Langåker
14.20 Pause, kaffi, frukt, utstillarar
Tema: Innkjøpsmakt og språkmakt i kommunane
14.45 Presentasjon av undersøking ved Svein Olav Langåker, dagleg leiar ved LNK
Tema: Nynorsk inspirasjon
15.00 Språkkursa til LNK ved Jan Olav Fretland.
15.15 Språkpolitisk ønskeliste for lokalvalet 2023 ved rådgjevar i Noregs Mållag, Hege Lothe
15.30 Pause før årsmøtet
16.00 Årsmøte LNK
16.30 Møteslutt
17.30 Aperitiff
18.00 Middag
20.00 Konsert med Stig Ulv på Sogndal kulturhus
FREDAG 2. juni
08.45 Framhald av årsmøte i LNK.
09.30 Pause og utsjekk
10.00 Helsingstale ved kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik
Tema: Identitetsskapande merkevarebygging
10.15 Saftbygda Sogndal – korleis bruker me identiteten vår i marknadsføringa ved adm. direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug.
10.30 Nynorsk som del av merkevaren Sparebanken Sogn og Fjordane ved Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane
10.45 Verdien av språk ved dagleg leiar Monika Haanes Waagan i Nynorsk bedriftsforum.
10.55 Samtale om identitetsskapande marknadsføring på nynorsk. Samtale med Trine Lerum Hjellhaug, Gunn Aase Moldestad, Monika Haanes Waagan. Samtaleleiar: Svein Olav B. Langåker
Tema: Nynorskpolitikk og språkbruksplanar i kommunane
11.25 Innleiing ved Fredrik Hope, konservator ved Nynorsk kultursentrum.
11.45 Kva gjer Årets nynorskkommune, Vestland, for å styrka nynorsken? ved Birthe Johanne Fredheim Finstad, kommunikasjonsrådgjevar i Vestland fylkeskommune
12.00 Samtale om språkpolitikk i kommunane. I panelet: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, Birthe Johanne Fredheim Finstad, kommunikasjonsrådgjevar i Vestland fylkeskommune og Fredrik Hope, konservator ved Nynorsk kultursentrum.
12.40 Møteslutt og lunsj
Sogndal har gode kommunikasjonar med fly til Oslo, Bergen og Ørsta/Hovden og ekspressbussar.