Heim Nyhende Tjønn får Nynorsk litteraturpris

Tjønn får Nynorsk litteraturpris

Under Festspela i Aasentunet i Ørsta laurdag blir Brynjulf Jung Tjønn tildelt Nynorsk litteraturpris 2022 for diktsamlinga “Kvit, norsk mann”.

Boka til Tjønn har også tidlegare fått ei rekkje prisar, mellom anna Kritikarprisen og Ungdomens kritikarpris.

Det er Samlaget, Det Norske Teatret og Noregs Mållag som står bak Nynorsk litteraturpris. Prisen vart delt ut fyrste gong i 1982 og er eit diplom og 50.000 kroner. Juryen i år har vore Carl Morten Amundsen, Margit Walsø og Mariann Schjeide.

I grunngjevinga skriv juryen mellom anna:

«Sjeldan har ein jury vore så samstemte, aldri har vel eit jurymøte vore så kort. I møtet med desse dikta, eller skal vi seie dette lange diktet har vi kjent på den universelle gysande menneskelege erkjenninga, det som kan skje i møtet mellom tekst og individ når teksten leitar seg fram og finn omgåande feste. Og det rare, ei mellommenneskeleg erkjenning, sjølv om temaet det blir skrive om, ikkje er noko dei fleste av oss kan direkte kjenne oss att i. Likevel snakkar det til oss. Fordi vi kjenner oss att i menneska forfattaren har møtt på vegen. Ein som las dikta, sa «Eg fekk ei merkeleg form for dårleg samvit slik at eg ikkje kunne legge boka frå meg før eg hadde lese alt. Eg sat att med forståing, innsikt og ei kjensle av skam».

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...