Heim Nyhende – Alt gjer seg betre på nynorsk

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk.

– For meg er nynorsk finare melodisk. Det er meir poetisk, og ikkje så akademisk, seier den ferske mottakaren av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar i 2023 i ei pressemelding frå NRK Nynorsk Mediesenter.

Furevik jobbar til dagleg som assistent ved Førde ungdomsskule. Etter at han starta som journalist i gamer.no i 2002 har han skrive over 1900 artiklar og spelmeldingar for nettstaden. Alle på nynorsk. Av dei kring 30 som skriv for redaksjonen er dei to som skriv nynorsk.

Dagens heider står i kontrast til ein del av reaksjonane Furevik møtte då han som 20-åring starta som speljournalist. For nokre år sidan var det sidelange debattar i nettforum om nynorskbruken hans. Og seinast for nokre veker sidan var det sure kommentarar om språkbruken

– Eg var ikkje budd på hetsen, men eg kan ikkje bry meg. Og heldigvis har det endra seg, og det er mange som set pris på nynorsken. I dagens kommentarfelt så er det andre som forsvarer meg og språket. Og vi får mykje skryt, seier Furevik.

Frisk pust

I takketalen rosa han mellom anna den tidlegare redaktøren sin, Tor-Steinar Tangedal, for å ønske nynorsk på trykk.

For prisvinnaren var tildelinga av nynorskprisen ikkje berre ein språkpris, men også ei anerkjenning av spelverda og journalistikk knytt til den. Her i samtale med juryleiar Solveig Barstad og tidlegare redaktør for nettstaden gamer.no Tor-Steinar Tangedal.

– Eg synest det var ein frisk pust å ha meldingar på nynorsk. Det passa inn i målsettinga mi om at gamer.no skulle vere ei ny stemme i speljournalistikken. Eg meiner det gjorde nettstaden vår betre, sa Tangedal under panelsamtalen mellom han, prisvinnaren og juryleiar Solveig Barstad.

I grunngjevinga for prisen trekkjer juryen fram at Furevik sine tekstar er grundige, lettlesne og fulle av humor. Og dei er alle skrivne på nynorsk, trass i at spelverda er internasjonal og stort sett engelskspråkleg.

Fann att skrivegleda

Som ungdom var Furevik glad i å skrive, men interessa dabba veldig på vidaregåande. Det var først då han fekk lov til å skrive om det han verkeleg brenn for og engasjerer seg i, nemleg spel, at gleda dukka opp att. Det trur han er nøkkelen for andre som slit med motivasjon til å skrive.

Ser du på deg sjølv som eit førebilete for andre?

– Nei, men kan eg vere det så er det heilt nydeleg. Det er topp om andre kan få trua på at dei kan levere innhald på nynorsk ved å sjå at eg gjer det i spelverda.

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...