Heim Nyhende Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret. Nynorsk kultursentrum var snare med å melde seg på.

– Det har i lange tider vore uttala frå styresmaktene at dei to store, nasjonale teaterscenene skal ha lik finansiering. Men sidan 1990 har det utvikla seg eit gap i finansieringa som no utgjer ein skilnad på 27 millioner kroner. Dette gapet må vi tette!

Dette var bodskapen til teatersjef Erik Ulfsby då han tala for publikum i Aasentunet fredag 9. juni. Han tok med seg skodespelar Mimmi Tamba som framførte «Let It Go» frå Disney-musikalen Frost. Musikalen har premiere 14. oktober og gjendiktinga er av ingen ringare enn Runar Gudnason. Då skal «Let It Go» truleg bli til «Det må ut».

– Det er enormt viktig for nynorsken at så mykje som 100 000 barn vil få eit forhold til denne musikalen i nynorsk språkdrakt, sa teatersjefen då han lanserte kampanjen «Tett gapet».

Dei vender seg no til publikum og institusjonar for å vere med på dugnaden og finansiere kampanjen. Det er høve til å kjøpe plakatar og billettar til strøyma arrangement og dei aller største donasjonane går til å kjøpe eit sete i teatersalen.

Og Nynorsk kultursentrum var ikkje tunge å be.

– Det er klart vi skal stille opp for å tette gapet! Det Norske Teatret er enormt viktig for den nynorske skriftkulturen, sa konstituert direktør Gaute Øvereng etter at Nynorsk kultursentrum kjøpte den første stolen i høve teateret sin kampanje.

– Vi vil bidra til å sikre at Det Norske Teatret får ei rik framtid og kan halde fram som ein robust og kvalitetssterk kulturinstitusjon.

Og dermed var den første teaterstolen selt.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...