Heim Nyhende Klar med nynorskkurs for lærarar

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar.

På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane (LNK) no lansert eit ope og digitalt nynorskkurs for lærarar. Kurset er utvikla av Jan Olav Fretland, tidlegare dosent ved Høgskulen på Vestland, og ein nestor innanfor nynorskdidaktikken.

– Først og fremst ønskjer me at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar, slik at undervisninga av elevane i bergensskolen blir best mogeleg, seier Gry Verene Wilhelmsen, rådgjevar i avdelinga for kvalitetsutvikling i skuleetaten til Bergen kommune.

Interaktivt

Kurset er sett saman av fleire videoar og oppgåver som deltakarane får løysa digitalt.

– Det blir spennande å sjå korleis dette blir tatt i mot. Kurset er lagt opp med sju forskjellige økter der me går gjennom kvifor me har nynorsk, skrivereglar for god nynorsk og korleis ein får til god undervising i nynorsk – og oppgåver som deltakarane får løysa undervegs, fortel Jan Olav Fretland.

Glad for samarbeid

Dagleg leiar Svein Olav B. Langåker er veldig glad for samarbeidet med Bergen kommune om kurset.

– Kurset er lagt opp slik at det er ope for alle å bruka det, og me håpar det blir eit nyttig og mykje brukt tilbod for lærarar. Me er heldige som har hatt med oss Jan Olav Fretland og Fretland & Fretland til å utvikla kurset digitalt.

Kurset er finansiert etter eit budsjettforlik mellom byrådet i Bergen i fjor (Ap, V, KrF og MDG) og avtalen deira med SV, Raudt og Senterpartiets Steinulf Tungesvik og Stig Torgersen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...