Heim Nyhende Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå hausten av.

– Manglande og for lite målretta informasjon kan føra til at mange elevar som skal læra nynorsk går glipp av den viktigaste språksigeren i den nye opplæringslova, seier Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i Nynorskkommunane (LNK).

Han viser til ei ny undersøking som Nynorskkommunane (LNK), Nynorsk kultursentrum og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har gjennomført.

Berre åtte prosent av rektorane er veldig nøgde med informasjonen frå Utdanningsdirektoratet om endringane i Opplæringslova som gjeld språk. 24 prosent er litt nøgde. Heile 52 prosent har inga meining om informasjonen frå Utdanningsdirektoratet.

444 rektorar i grunnskulen har svara på undersøkinga som er gjennomført i løpet av dei siste to vekene.

Viktig siger

Frå hausten vil den nye opplæringslova byrja å gjelda. Det blir no krav til at alle skriveprogram skal støtta offisiell rettskriving på nynorsk og bokmål. Endringa kom etter eit ordføraropprop støtta av 120 ordførarar.

– For alle elevane i skulen som skal læra seg nynorsk, så er dette ei svært viktig endring. Då skal det bli slutt på raude strekar under korrekt nynorsk, slik det har vore i mange av skriveprogramma som blir brukte i skulen i dag, seier senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Synnøve Marie Sætre. Ho er uroa for at mange elevar no skal gå glipp av denne viktige nynorsksigeren.

52 prosent av rektorane som svara har sjekka at skriveprogramma som er brukte på skulen har støtte for bokmål og nynorsk. 37 prosent reknar med at dei har det.

Treng gode rutinar

Mange av pcane, programma og læremidla som elevane i dag bruker, har bokmål eller engelsk som standard innstilling.

Berre 17 prosent av rektorane seier seg heilt samde i at dei har gode rutinar som blir følgd opp for å jamleg sjekka om elevmaskinene og læremidla har dei rette språkinnstillingane. 52 prosent seier seg delvis samde i dette. 11 prosent har ingen rutinar for dette i det heile.

– For at nynorskelevane skal få møta språket sitt, er dei avhengige av at kommunane og skulane passar på at elevane får møta språket sitt digitalt utan at dei må skifta til nynorsk kvar gong. Då er det trong for gode rutinar, understrekar Synnøve Marie Sætre. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har laga ein rettleiar som skal hjelpa skulane å ha kontroll på språkinnstillingane.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...