Heim Nyhende Landstinget skal arrangerast i verdas største nynorskkommune

Landstinget skal arrangerast i verdas største nynorskkommune

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, LNK, har avgjort at landstinget i 2025 skal arrangerast i Øygarden kommune.

Øygarden kommune vest for Bergen er med sine kring 40.000 innbyggarar verdas mest folkerike nynorskkommune. No har styret til LNK bestemt at landstinget i 2025 vert halde på Panorama Hotell & Resort i Øygarden den 3. og 4. juni.

Landstinget vert arrangert annakvart år.

Dagleg leiar i Nynorskkommunane (LNK), Svein Olav B. Langåker, seier at målet med landstinget er å laga ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane.

Svein Olav B. Langåker er dagleg leiar i LNK. Foto: Vigleik Brekke

– Me gler oss til å arrangera landstinget vårt i verdas mest folkerike nynorskkommune, Øygarden.

Landstinget er ope for alle interesserte og samlar både folkevalde, kommuneleiing og tilsette frå dei 85 kommunane og tre fylkeskommunane som er medlemmer i LNK , i tillegg til fleire regionråd og interkommunale føretak.

Språkstyrking

Eit aktuelt tema for konferansedelen av programmet blir korleis ein kan styrkja nynorsk som eit bruksspråk i alle delane av kommunen, frå barnehage og skule til bibliotek, vaksenopplæringa og kommuneadministrasjonen.

– Øygarden kommune har tatt fleire grep for å styrkja arbeidet med nynorsk, og har utvist stor vilje til å få landstinget til kommunen. Eg ser fram til å samarbeida med Øygarden kommune om å laga til eit spennande og aktuelt program for landstinget til neste år, seier Langåker.

Foto: Panorama Hotell & Resort

– Godt fagleg påfyll

Fungerande ordførar Anita Garlid Johannessen gler seg stort over at landstinget vert arrangert i Øygarden.

– Vi set svært stor pris på dette. Øygarden er ein bynær kommune som opplever at nynorsken er under press. Difor er det så viktig for Øygarden kommune å følgja opp språkbruksplanen med gode språktiltak. Dette gjeld både administrativt og ikkje minst i skule og barnehage. Eit landsting med godt fagleg påfyll er viktig og til inspirasjon for språkarbeidet i kommunen, seier Johannessen til nettsidene til Øygarden kommune. Ho har tidlegare engasjert seg i lokalt språkarbeid gjennom Sotra Mållag.

LNK er ein landsdekkjande organisasjon som skal arbeida for å skapa positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk. LNK tek på seg å vera talerøyr for medlemene og spreia informasjon som styrkjer dialektane, nynorsk skriftspråk og dei kulturtradisjonane dette står for.

På dagtid dei to dagane i juni vert det aktuelle seminar og føredrag som er aktuelle for kommunal tilsette, politikarar og andre som er opptekne av språktema i det offentlege rom.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...