Heim Nyhende Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur.

Meld deg på no!

Torsdag 7.11 kl. 10:00 – 15:00
Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord
Påmeldingsfrist: 4. november

Frå 10:00 Registrering

10:15 OPNING – LESELYST OG SKULEBIBLIOTEK
Regjeringa har i år publisert sin nye Leselyststrategi, men har møtt ein god del motbør i det litterære fagfeltet. Kvar står Kulturrådet, og kva kan me gjera for framtida til skulebiblioteket? Ved rådsleiar i Kulturrådet, Sigmund Løvåsen.

10:30 NYNORSK FORMIDLING I BIBLIOTEKA
Fredrik Hope ved Nynorsk kultursentrum har forska på korleis nynorsk blir formidla i folkebiblioteka. Kva er ståa til nynorsk ute i biblioteka, og kvifor er det slik?

11:00 – 11:15 Kaffipause

11:15 BARNEBOKKRITIKK SKULAR PÅ SKULEN
Kva plass har skulen i den norske barne- og ungdomslitteraturen? På kva måte gjer den seg gjeldande? Korleis blir lærarane presenterte, og korleis står det til med skulevegringa? Klassekameratane, mobbinga, venskapen? Har læringa nokon plass i denne litteraturen, eller handlar det mest om det sosiale? Med forfattar Arnt Birkedal, Ingunn Røyset og Anders Totland. Samtaleleiar er redaktør i Barnebokkritikk, Ingvild Bræin.

12:15 – 13:00 Lunsj

13:00 KORT og GODT
Ulike leseprosjekt som kan inspirera og skapa leseglede blir presentert.
– Podkasten Barneboktipset, laga av Heidi Fagna og Ingvild M. Hovden på Nynorsksenteret
– Siv Pettersen om bildebokprosjekt for ungdomstrinnet.
– Elevar frå Nysæter ungdomsskule fortel om korleis det er å vera juryklasse på U-prisen.
– Lærar og skulebibliotekar Synnøve S. Koløen om korleis dei har jobba med omorganiseringa av skulebiblioteket.

13:30 UNGDOM I LITTERATUREN?
Elin Steingrunde er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, og har forska på korleis ungdomslivet blir spegla i litteraturen. Kva skal til for å konstruera eit ungdomsliv, kor ekte er det og kven skal ungdomane spegla seg i?

14:00 – 14:10 Kaffipause

14:10 STREK OG STRIPE – TEIKNESERIEFORMIDLING
Kan teikneserien vera ein god inngang til leseglede, og kva er beste måten å formidla den på? Kva erfaringar har teikneskaparane sjølv? Er bibliotekarar opptekne av teikneseriar på same måte som tradisjonelle bøker? Og kva tenkjer Kulturrådet om satsinga på teikneserien framover?

Samtale med teikneserieskaparane Ida Neverdahl og Øystein Runde, bibliotekar Odd Harald Vestrheim Opdal, og rådsleiar i Kulturrådet, Sigmund Løvåsen. Samtalen er leia av Are Edvardsen (redaktør i Überpress).

15:00 SLUTT

Meld deg på no!

LNK og Pirion samarbeider med Falturiltu og HVL om seminaret.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...

Kvam herad er kåra til årets nynorskkommune 2024

Kvam herad vart i dag, måndag 21. oktober, kåra til årets nynorskkommune 2024. Kvam herad har fått prisen for: «sitt språklege medvit, for sin aktive...