24. mars kalla kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun inn til eit ope møte «om å styrka norskfaget».
Til møtet var Noregs Mållag invitert i lag med Norsk Målungdom, men også ei rekkje andre organisasjonar, mellom andre Elevorganisasjonen, Lektorlaget, Riksmålsforbundet, Nynorsksenteret og Nynorskkommunane – LNK.
I invitasjonen la kunnskapsministeren mellom anna vekt på at «andelen elever med fritak fra vurdering i sidemål har økt. Bidrar dette til uthuling av vår felles kulturarv og referanser? Kan vi styrke den felles opplæringen i både hovedmål og sidemål samtidig som vi reduserer antall karakterer på vitnemålet?»

– Språklova slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremja nynorsk. Å fjerna eigen karakter vil svekkja sidemålet sin plass i skulen, og såleis nynorsken sin plass i samfunnet. Det vil vera i strid med sjølve føremålet i lova, sa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge på møtet.
Eigen karakter i sidemål er heilt avgjerande for at arbeidet med sidemål blir prioritert av lærarar og elevar. Sidemålsordninga med eigen karakter er jamstillingsvedtaket frå 1885 i praksis. Ho sikrar at alle elevar får lære både bokmål og nynorsk og i ein karakterstyrt skule må denne kompetansen vere synleg på vitnemålet.
Nynorskorganisasjonane åtvara kunnskapsministeren om å forhasta seg.
– Me har faktisk ikkje kunnskap om effektane av å fjerna sidemålskarakteren i 8., 9. klasse og 1. og 2. vgs. Eg vil oppmoda statsråden om å skaffa denne kunnskapen. Korleis har dette slått ut for prioriteringa av arbeidet med sidemål, for kunnskapen og kompetansen elevane tileignar seg, og for arbeidet til lærarane med sidemål, heldt mållagsleiaren fram.

Dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker, understreka at ein fjerdedel av kommunane i Noreg er nynorskkommunar, og at dei treng tilsette med nynorskkompetanse. Å fjerna sidemålskarakteren vil gjera det vanskelegare å rekruttera tilsette som har fått prøvd kompetansen sin i nynorsk.
Nynorskorganisasjonane rår regjeringa til å:
1: Skaffa kunnskap om karakterreduksjon: Har det faktisk ført til seinare start og svakare resultat?
2: Gjennomføra eit nasjonalt positivt sidemålsforsøk. Me veit kva som skal til: Betre kompetanse hos lærarane, tidlegare start med systematisk opplæring, møta nynorsk i andre fag enn norsk, sørgje for full tilgang på digitale læremiddel og læringsressursar på nynorsk.











