Heim Nyhende Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs Mållag.

Sidemålsordninga har vore ryggrada i norsk språkpolitikk sidan ho vart vedteken av Stortinget i 1907. For å sikre reell språkleg likestilling og gje alle elevar fridomen til å velje kva skriftspråk dei vil bruke, har vi obligatorisk sidemålsopplæring med karakter i skulen.

– Når ein fjerdedel av norske elevar ikkje får karakter i sidemål, knekk denne ryggrada saman, heiter det i ei fråsegn frå Noregs Mållag.

Fritaksordninga i skulen må fungere slik ho er meint å gjere. Ho skal gje dei elevane som verkeleg treng det, eit fritak fordi det ikkje lèt seg gjere å meistre både nynorsk og bokmål. Er det verkeleg slik at kvar fjerde tiandeklassing ikkje har evne til å lære seg nynorsk og bokmål?

I november 2025 fortalde Kaveh Rashidi om si oppleving med fritak frå vurdering i sidemål i NRK Leseklubben:

– På skulen fekk eg fritak frå nynorsk, fordi foreldra mine ikkje er fødde i Noreg. Ein rar regel. Eg var jo skuleflink, og hadde dei same føresetnadene som klassekameratane mine til å lære det.

Rashidi si oppleving liknar mange andre sine forteljingar om kvifor nettopp dei fekk fritak frå sidemål.

Det finst ikkje reglar i lov eller forskrift som seier at eit anna morsmål enn norsk automatisk gir eleven rett til fritak.

Vedtaket om fritak frå vurdering i sidemål må følgje sakshandsamingsreglane. Mellom anna må saka vere så godt opplyst som mogleg.

Eit fritaksregime ute av kontroll vatnar ut sidemålsordninga i norsk skule, heiter det i ei fråsegn frå Noregs Mållag. Dei meiner at:

  • det må førast tilsyn med fritaksvedtaka
  • Utdanningsdirektoratet må gje tydeleg rettleiing på korleis ein handsamar fritakssøknadar
  • Kunnskapsdepartementet må vurdere om lova gir for stort rom til fritak

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...