Heim Nyhende Feirar nynorskveka over heile landet

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg fram: No får alle lov av Noregs Mållag til å skriva feil, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag og Sebastian Natvik, leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding.

Veka mellom 6. og 12. mai er ei spesiell veke for nynorsken. Desse dagane inviterer Mållaget og Norsk Målungdom heile Noreg til å bli med på ei årleg nasjonal markering, der målet er at alle skal få sjå meir nynorsk.

Nynorske merkedagar
Den 6. mai i 2014 vedtok Stortinget Grunnlova på nynorsk, og 12. mai er sjølve nynorskdagen, dagen då Stortinget alt i 1885 fatta jamstillingsvedtaket, som likestilte dei to norske skriftspråka.

– Difor vil Mållaget og Norsk Målungdom få med seg alle i Noreg på å feira nynorsken ei heil veke, seier Peder Lofnes Hauge.

– Me avsluttar veka med nynorskdagen 12. mai, ein stor festdag. Då oppmodar me også alle i Noreg om å ynskja kvarandre til lukke med dagen og å heisa flagget til topps, seier Sebastian Natvik.

Alt er lov i nynorskveka
På nynorskdagen dei to siste åra har store selskap som Vipps og Ruter lansert tenestene sine på nynorsk.  Men det viktigaste er at alle kan vera med både å feira og å bruka nynorsken, og at det skal vera låg terskel for å prøva seg fram med språket.

– Me håpar me ser alle slags typar nynorsk denne veka, også i avisene og på sosiale medium. God eller dårleg, seriøs og tullete, alt er lov i nynorskveka!

Kva skjer?
Både lokallag i Mållaget og andre aktørar lagar til feiringar i nynorskveka:

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...

Lat Språkrådet vera Språkrådet

Landsmøtet i Mållaget er svært uroa for at ei samanslåing vil svekkja Språkrådet og vera til hinder for ei forståing av at språkarbeid er...