Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane får ein digital skulekvardag på sitt eige språk!
– Fleirtalet seier tydeleg at det må innførast eit parallellitetskrav for læringsressursar på same linje som for læremiddel, og at det er viktig for å sikre nynorskelevane ei likeverdig opplæring, sa Erling Sande i storstingsalen, då Stortinget debatterte sak om endring av opplæringslova torsdag 4. juni.
Erling Sande avslutta innlegget slik:
– Fleirtalet viser både til skriveprogram og opplæringsmateriell, og eg vil be statsråden ta fleirtalsmerknadane på stort alvor og raskt styrke arbeidet på dette området.
– Dette er bra for nynorskelevane. Endeleg får vi fjerna det kunstige skiljet mellom læremiddel og læringsressursar, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.
Hovudkrav
Parallellitetskrav for læringsressursar var eitt av hovudkrava frå Mållaget då ny opplæringslov vart vedteken i 2023, men den gongen fekk ikkje målrørsla gjennomslag.
Det Stortinget gjorde då, var å be Utdanningsdirektoratet hente inn meir kunnskap. I Udir sitt svar på dette oppdraget heiter det mellom anna at forskarane «finn at det er færre læringsressursar på nynorsk, at desse er vanskelege å finne og ofte har (opplevd) dårlegare språkleg kvalitet».
– No må regjeringa snarast føreslå endringar i lova i tråd med viljen til utdanningskomiteen. Slik kan endeleg nynorskelevane få ein digital skulekvardag på sitt eige språk, seier Peder Lofnes Hauge.
Framstegspartiet støttar nynorskkrav
Lofnes Hauge merkar seg at regjeringspartiet Arbeidarpartiet og Høgre ikkje røysta for innstillinga i komiteen, medan Framstegspartiet derimot stod på nynorskelevane si side.
– I dette tilfellet er Framstegspartiet meir opptekne av retten til opplæring på eige språk enn Ap og Høgre er. Det bør mindretalsregjeringa merke seg. Dette handlar om nynorskelevane sin rett til ein likeverdig skulekvardag som bokmålselevane, seier Hauge.
Fleirtalet i komiteen meiner at framtidige tildelingar til opplæringsmateriell må gå til materiell som blir utforma både på nynorsk og bokmål. Fleirtalet understrekar at skriveprogram som blir nytta i skulen, må støtte begge skriftspråka, og ber regjeringa ta naudsynte grep for å sikre god tilgang på læringsressursar på nynorsk.
Les fråsegnet vedteke på landsmøte til Noregs Mållag i april
Merknad frå utdannings- og forskningskomiteen: (les heile innstillinga frå komiteen her)
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Raudt, Kristeleg Folkeparti og Venstre, viser til at Utdanningsdirektoratet, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, har slått fast at det finst færre læringsressursar på nynorsk, og at desse ofte har lågare språkleg kvalitet. Dette svekkjer kvaliteten i opplæringa og kan i særleg grad gå ut over nynorskelevane sin rett til opplæring på eige språk.
Set krav til skriveprogram
Fleirtalet understrekar behovet for å sikre at både læremiddel og læringsressursar som vert nytta i skulen, er tilgjengelege på nynorsk. Fleirtalet meiner det er nødvendig å innføre eit parallellitetskrav for læringsressursar, på line med krava som gjeld for læremiddel, for å sikre ei likeverdig opplæring for nynorskelevar.
Vidare meiner fleirtalet at framtidige tildelingar til opplæringsmateriell må gå til materiell som vert utforma på både nynorsk og bokmål. Skriveprogram som vert nytta i skulen, må i tråd med opplæringslova støtte begge målformer. Regjeringa må difor ta naudsynte grep for å sikre god tilgang på læringsressursar på nynorsk og ein høg kvalitet i opplæringa.











