Heim Nyhende Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i vaksenopplæringa.

– Den viktigaste beskjeden me hadde med oss er at nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gjev betre integrering i nynorskkommunane, og det gjer at fleire blir buande i den kommunen dei først blei busett i, fortel dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker

Under halvparten av nynorskkommunane tilbyr i dag undervising i nynorsk for vaksne innvandrarar. Det er gode grunnar til at fleire bør tilby undervising på nynorsk.

Fleire i jobb og fleire blir buande

I dei kommunane som tilbyr undervising på nynorsk er det fleire i jobb eller utdanning eitt år etter introduksjonsprogrammet for innvandrarar (67 %), samanlikna med dei som har fått undervising på bokmål (61 %).

 Tala frå 2024 frå SSB har berre tal frå rundt halvparten av kommunane, men også tidlegare år har det vore ein større grad av sysselsetjing i dei kommunane som gav undervising på nynorsk.

– Uavhengig av kor stor del av forskjellen som kan forklarast av sjølve språkopplæringa, viser tala at kommunar som underviser på nynorsk oppnår minst like gode, og ofte betre, resultat når det gjeld arbeid og utdanning, understrekar Langåker.

LNK har òg gjort eigne undersøkingar, og den viser at i nynorskkommunane som underviser på nynorsk er det fleire av innvandrarane som blir buande (67 %), samanlikna med dei nynorskkommunane som underviser på bokmål (55 %).

Treng fleire læremiddel og læringsressursar

I ei undersøking LNK sende ut til rektorane i vaksenopplæringane i 2021, så er mangel på læremiddel den viktigaste grunnane til at dei vel å halda på bokmål.

– Nokre vaksenopplæringar seier òg at flyktningane uansett kjem til å flytta frå kommunen til ein bokmålskommune seinare, så då kan ein like godt tilby bokmål. Men samstundes veit me at distriktskommunar er avhengige at fleire hender, og regjeringa ønskjer at fleire av flyktningane blir buande i kommunane rundt i landet. Då er det er viktig at regjeringa følgjer opp med å støtta fleire læremiddel og læringsressursar på nynorsk, seier Svein Olav B. Langåker i LNK.

Det er ikkje løyvd pengar gjennom statsbudsjettet på 11 år til dette. Men etter at LNK og nynorskorganisasjonane tilslutta Nynorsk Forum i fleire år har tatt opp dette i høyringar på Stortinget og i fleire møte, gav Arbeids- og inkluderingsdepartementet i fjor beskjed i oppdragsbrevet til HK Dir om å omsetja eller oppdatera læremiddel på nynorsk.

HK Dir prioriterte 1,5 millionar i ei søknadsbasert tilskotsordning, og fekk søknader på det tredobla. Det viser at også forlaga sit på mykje som kan omsetjast til nynorsk. I tillegg er det bruk for nyproduserte ressursar på nynorsk.

Nynorsk forum ber no departementet om:

4,5 millionar kroner til omsetjing av læremiddel og læringsressursar på nynorsk.

1,4 millionar kroner til Nynorskkommunane – LNK til forsøk med å styrka nynorsk og dialekt og vaksenopplæringa.

Fleire kommunar seier òg at dei ønskjer ei støtteordning for kommunar som vil byta til nynorsk i vaksenopplæringane. Det kostar å byta ut alle lærebøker med nynorske lærebøker.

– For ei regjering som jobbar med å få fleire i arbeid og inkludert i samfunnet i heile Noreg, så burde det vera ei god investering styrka opplæringa i nynorsk i vaksenopplæringa, avsluttar Svein Olav B. Langåker.

Fordelar med å få opplæring i nynorsk når ein bur i ein nynorskkommune:

  • Det er ein stor fordel at foreldre og barn lærer same skriftspråk. Når foreldre lærer nynorsk og barna går i nynorskskule, kan familien støtta kvarandre i språklæringa. Dersom vaksenopplæringa brukar bokmål medan barna lærer nynorsk, blir det vanskelegare å hjelpe kvarandre med lesing, skriving og skulearbeid.
  • Nynorsk er meir lik lokale dialektar, og gjer det lettare å læra å snakka med andre i lokalsamfunnet. Snakkar ein meir nær lokal dialekt, så blir ein oppfatta som meir integrert. Erfaringane frå nynorskkommunar som bruker nynorsk i vaksenopplæringa, viser at deltakarane opplever betre samanheng mellom språket dei lærer og språket dei møter i kvardagen.
  • For mange kommunar er det innvandrarane som bidrar til å oppretthalda folketalet. Då er det viktig at dei lærer det lokale skriftspråket.
  • For nynorsken som språk, så er det svært viktig at også innvandrarane lærer seg nynorsk. Viss innvandrarane berre lærer bokmål, så kan det setja nynorsken under press i kommunane. Det kan òg svekka integreringa dersom dei minoritetsspråklege elevane samlar seg i bokmålsklassar.

NYNORSK INSPIRASJON

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

MEST LESE

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...

Programmet for Litteraturdagane er klart!

24.–27. september er det igjen klart for Litteraturdagane i Vinje. Tema i år er «liding». Ei rekkje forfattarar, føredragshaldarar og musikarar vil nærme seg...