Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen.
– Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering og det gjer at fleire blir buande i den kommunen dei først blei busett i.
Men det er eit stort behov for læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrar. Det viser ei undersøking Nynorskkommunane har gjort blant dei 85 medlemskommunane våre.
Nedprioritert
Mangelen på læremiddel på nynorsk er den viktigaste grunnen til at berre under halvparten av nynorskkommunane i landet gjev opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar.
Me har ein offisiell norsk språkpolitikk og ei språklov som seier at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremja nynorsk på alle samfunnsområde. På dette feltet har nynorsk vore nedprioritert over lang tid.
I mange kommunar lærer vaksne innvandrarar bokmål i vaksenopplæringa, medan ungane deira lærer nynorsk på skulen. Det kan gjera språklæringa vanskelegare for både barn og vaksne.
Fleire i jobb – og fleire blir buande
Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Forsking viser at innvandrarar som brukar det lokale språket blir meir positivt mottatt både i lokalmiljøet og for eksempel i jobbintervju.
Tal frå SSB viser at det er fleire innvandrarar som har fått seg jobb eller tok utdanning eitt år etter fullført introduksjonsprogram i dei kommunane som underviser på nynorsk samanlikna med dei som underviste på bokmål. Fleire blir òg buande i kommunane som tilbyr nynorsk i vaksenopplæringa.
Det skjer mange endringar på feltet med både nye læreplanar og overgang til modulbasert opplæring. Det gjer det endå viktigare at det vert blir utvikla nye læremiddel på nynorsk.
Me bed difor om at det vert løyvt 4,5 millionar til dette føremålet på kap 672 post 60.
Pilotprosjekt
Me ber òg om støtte til eit nytt pilotprosjekt som har som mål å utvikla ein modell for dialektbruk og nynorsk som skriftspråk i vaksenopplæringa. Me vil gjera dette i samarbeid med vaksenopplæringane i Gol og Ål.
Me bed om 1,4 millonar til dette formålet på kap. 671 post 73 til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).
Språkdelte klassar
I opplæringslova er retten til eigne nynorsk- og bokmålsklassar utvida til ungdomstrinnet.
Men finansieringa er fordelt flatt på alle kommunane. Det gjer at dei kring 36 kommunane som har kostnader til dette berre får dekkja ein brøkdel av kostnadene – og Oslo kommune får 11 millionar utan ein einaste nynorskklasse. Me ber om at komiteen ser på dette og sørgjer for at dei kommunane som har kostnader til språkdeling får desse kostnadene dekkte.










