Heim Nyhende Pris til årets nynorskkommune 2009

Pris til årets nynorskkommune 2009

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa lanserer ein heilt ny pris. Årets nynorskkommune skal få heider, ære og 100.000 kroner. Kommunane kan søkja på prisen.

Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som den formelle målforma si, og som gjennom aktiv bruk av nynorsk har gjort ein særskild innsats for å fremja nynorsk som skriftmål.

– Mange av dei 116 nynorskkommunane kan vera gode døme for andre, seier
kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

– Eg har samarbeidd med Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) om kriteria for prisen. Det er viktig å synleggjera nynorsk som ein del av kommunane sitt omdømearbeid og nynorsken sin plass i samfunnet. Det er og viktig at kommunane aktivt brukar nynorsk i tenestene. Difor ser eg fram til å dela ut ein slik pris, seier statsråden.

Juryen som skal kåra den beste nynorskkommunen, har desse medlemmene:

– Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)

– Gunn Berit Gjerde, fylkestingsrepresentant (V) i Møre og Romsdal

– Rune Hetland,  Landslaget for lokalaviser (LLA)

– Eli Johanne Lundemo, Kommunal- og regionaldepartementet

Dei som kan søkja på prisen, er nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under:

· aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
· aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vera heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, god målbruk blant tilsette, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk, eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
· marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
· tidleg nynorskinnsats i barnehage og grunnskule

Søknadsfristen er 7. august 2009.

Prisen, som er på 100.000 kroner, blir delt ut i september i år.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...