Dei Nynorske Festspela 2008 mønstrar fleire forfattarar enn nokon gong. Det blir stor utekonsert med Herborg Kråkevik, og Heine Totland og Gisle Børge Styve debuterer begge som festspelartistar.
Dei Nynorske Festspela blir arrangerte i Volda og Ørsta frå 25. juni til 29. juni og har samla nær 50 arrangement under temaet “Dialog”. I dagane 2.-4. april blir Vårspela avvikla med 11 arrangement.
– Stortinget har gitt oss meir pengar å handle for, og vi kvitterer med eit program vi ikkje kunne ha fått til utan dei pengane, seier programansvarleg Åshild Widerøe. – Vi arbeider dessutan med fleire programinnslag som blir avklara i vekene frametter, seier ho til Noregs Mållag sine nettsider.