Heim Nyhende Ferjene skal bli meir miljøvenlege

Ferjene skal bli meir miljøvenlege

Ferjene langs kysten skal ta i bruk biodiesel. Eit prøveprosjekt skal setjast i gang i Møre og Romsdal, men førebels er ikkje ferjesambandet bestemt.

Langs kysten er det no ei rekke prosjekt, der ferjeflåten tek i bruk gass som drivstoff. No er det altså eit pilotprosjekt med biodiesel som skal setjast i gang.

– Vi kan ikkje halde fram å bruke fossilt drivstoff i all framtid. Det er ikkje fornybart og det skadar miljøet. Så det er viktig å forske på alternativt drivstoff, og eg håpar at prøveprosjektet i Møre og Romsdal kan komme miljøet til gode, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) til NRK.

Ho er spent på kva for svar dette prøveprosjektet vil gi. For det er fleire utfordringar og moglege skjær i sjøen.

– Vassinnhaldet i biodiesel er høgare enn i vanleg diesel. Det kan vere ei potensiell utfordring. Det kan også oppstå problem med slangar og pakningar i ferjemotorane. Det kan bli spennande å sjå kva for problem som kan oppstå, og kva for løysingar som finst på dei problema, seier Klinge. (©NPK)

Førre artikkelLNK med i Littkrit
Neste artikkelFøredrag og bilde

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...