Heim Nyhende Kartlegg nynorsk i NRK

Kartlegg nynorsk i NRK

NRK vil no kartlegge kor mange nynorsbrukande journalistar dei har.

Kartlegginga er meint å vere eit ledd i arbeidet med å få opp nynorskprosenten i NRK. Resultatet skal leggast fram under seminaret om Mangfald i NRK  i Førde 1. september.

– Me må erkjenne at me har eit arbeid å gjere før me når målet om 25 prosent nynorsk i NRK, seier kringkastingssjef Hans – Tore Bjerkaas til  lnk.no.

Han legg vekt på at prosentkravet er krevjande, men at det bør vere mogleg å nå.

– Veit du om det er spesielle avdelingar som treng eit løft?

– Det trur eg, men eg vågar ikkje å konkretisere det. Men det er også noko me håpar å finne ut med denne kartlegginga, slår Bjerkaas fast.

Difor vil no NRK skaffe ei oversikt over kor mange nynorsbrukande journalistar dei har. Deretter er det i føglje Bjerkaas viktig å finne ut korleis ein kan få tak i fleire journalistar som brukar nynorsk. Han trekk også fram Nynorsk Mediesenter i Førde som eit godt tiltak for å stimulere til meir nynorsk i redaksjonane.

– Det er ein god stad for rekruttering der studentane kan søkje jobb direkte i NRK.

Spørjeskjemaet gjekk ut 13. august, og vart sendt til 2000 personar.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...