Heim Nyhende Krf svarar om språk

Krf svarar om språk

Det bør vere krav om 25 prosent nynorsk også i barne- og ungdomsprogram på NRK, meiner Dagfinn Høybråten (KrF).

Kva vil partiet ditt gjere med nynorsken? KrF har alltid vore oppteken av nynorsk, og vi vil halde fram med å kjempe for at vi skal ha to likeverdige målformer i landet vårt. Sjølv om bokmål og nynorsk formelt sett er likeverdige målformer, veit vi at nynorsk i praksis har mykje vanskelegare kår enn bokmål. Vi meiner det offentlege har eit stort ansvar for å sikre at nynorsk kan utvikle seg godt. Det er spesielt viktig at barn og unge får høyre og bruke begge målformene.

Vi må sørgje for, både praktisk og økonomisk, at nynorsk kan styrkje posisjonen som eit levande bruksspråk òg hos nye generasjonar. Aktiv bruk av nynorsk i det offentlege er viktig for utvikling av eigen identitet og sjølvtillit i høve til eige språk. Barn som snakkar nynorsk, må få møte sitt eige språk fleire stader enn i skolebøkene, til dømes i barne- og ungdomsbøker, og i lettare underhaldningsstoff som teikneseriar og annan populærkultur.

NRK, som statsfinansiert kringkastar, har eit viktig ansvar for å styrkje det norske språket. KrF er oppteken av at begge dei offisielle målformene skal brukast. Vi meiner barn må få høyre begge målformene i program som er retta inn mot barn og unge. I dag er det slik at minst 25 pst. av verbalinnslaga til NRK skal vere på nynorsk. KrF meiner dette òg må gjelde for barne- og ungdomsprogram, og vi har fremja forslag om dette, men blei dessverre nedstemde. Stortinget har òg handsama ei språkmelding. Også her var vi svært opptekne av nynorsken. Vi gjorde blant anna framlegg om at det skulle brukast meir nynorsk i dei riksdekkande avisene. Det er uheldig at nokre norske aviser nektar journalistane sine å skrive nynorsk. Ordninga med momsfritak for aviser har saman med pressestøtta nettopp til føremål å sikre ytringsfridom og mediemangfald. Dei nasjonale mediehusa bør derfor tillate papir- og nettjournalistane å skrive nynorsk – ja, i det heile tatt arbeide for ein høgare
nynorskdel.

Kva er partiet ditt si haldning til sidemål? Vi er for sidemålsundervisning i skulen.

Vil partiet ditt styrkje nynorskopplæringa for innvandrarar? Vi er opptekne av at innvandrarar får god norskundervisning. I kommunar der nynorsk er hovudmålet, bør det vere læremiddel på nynorsk.

Kva meiner partiet ditt må gjerast for at skulebøker skal liggje føre på båe målformer til same tid og til same pris?
Staten må gje klår beskjed om at det ikkje er akseptabelt at bøkene kjem for seint eller har ulik pris. Vi må sette klåre og tydelege krav.

Finst programmet og valmateriellet til partiet ditt på nynorsk? Ja. Vi har to likeverdige målformer i landet vårt.

Er nettsida dykkar på nynorsk? Ja, det blir publisert stoff både på bokmål og nynorsk på nettsida.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...