Heim Nyhende Ap svarar om språk

Ap svarar om språk

Arbeidarpartiet rundar av spørjerunden vår denne gongen.

Kva vil partiet ditt gjere med nynorsken? Arbeidarpartiet vil ta vare på nynorsk som ei sjølvstendig målform og eit sjølvstendig skriftsspråk. Staten må ta ansvar for å leggje til rette for meir likeverdige vilkår, slik at begge målformene – og nynorsk – skal verte sikra vekst og utvikling.

Kva er partiet ditt si haldning til sidemål? Arbeidarpartiet meiner det er ein verdi at me har to norske skriftspråk med kvart sitt historiske og språklege opphav og kvar sin skriftkultur.

Vil partiet ditt styrkje nynorskopplæringa for innvandrarar? Arbeidarpartiet vil sikre at innvandrarar vert fortrulege med den norske språkdelte kulturen. Nynorsk skal ikkje ekskluderast som alternativ når språklege minoritetar skal få informasjon eller undervisning på norsk. Dette er viktig for den einskilde.

Kva meiner partiet ditt må gjerast for at skulebøker skal liggje føre på båe målformer til same tid og til same pris? Opplæringslova § 9-4 seier at skulane berre kan nytta læremidlar som føreligg både på bokmål og nynorsk til same tid. Arbeidarpartiet vil styrkje kontrollen med at regelverket vert fylgt. Kravet til parallellutgåver må og gjelde digitale læremiddel.

Finst programmet og valmateriellet til partiet ditt på nynorsk? Ja. Arbeidarpartiet sitt program finst både på nynorsk og bokmål. Me har to skriftspråk i Noreg, og alle skal sjølve kunne velje si målform.

Er nettsida dykkar på nynorsk? Arbeidarpartiet nyttar begge målføre på nettsida si.

Førre artikkelKrf svarar om språk
Neste artikkelTv-mediet vinn valet

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...