Heim Nyhende – Regjeringa må ta eit styrkeløft for nynorsk

– Regjeringa må ta eit styrkeløft for nynorsk

– Det har vore eit mål for mange regjeringar å styrkje nynorsk skriftkultur. Likevel har den statlege språkpolitikken dei siste tiåra ikkje endra maktfordelinga i den norske språksituasjonen, sa direktør Ottar Grepstad ved Ivar Aasen – tunet i årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur i Tromsø fredag.

Det var niande gongen Grepstad gjorde opp status for den norske språksituasjonen. Talen opna med ein kommentar til kortfilmen ”Made by Norway” som Aker ASA har vist på kino og tv dei siste vekene. Der les Anderz Eide heile diktet ”Nordmannen” av Ivar Aasen. Grepstad opplyste at 2,5 millionar har sett denne filmen, og roste Aker for den litteraturformidlinga dette har vore, skriv aasentunet.no.

I årstalen gjekk Grepstad også inn for ein språkleg tiltakspakke som kan gi born og unge meir nærkontakt med nynorsk. Ikkje minst ved å fokusere på Leseåret 2010.

– Dei lesekampanjane staten har gjennomført, har verka for dårleg. Leseåret må brukast til å endre norsk skriftkultur til det betre, seier Grepstad til aasentunet.no.

Grepstad slo også eit slag for nynorsk barnelitteratur.

– Nynorskbøker utgjer ikkje ein større del av norsk bokproduksjon enn for 100 år sidan. Tilbodet av barnebøker er tredobla dei siste femti åra, men for kvar femtande nye barnebok på bokmål kjem det éi på nynorsk. Dette kallar somme valfridom. Det ser meir ut som eit kulturelt ran, meiner han.

 

Les meir om årstalen her.

Førre artikkelSpråkleg krafttak
Neste artikkelNettavis for ungdom

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...