Heim Nyhende Språkleg krafttak

Språkleg krafttak

– Kartleggingar viser at ein av tre nordmenn har problem med å fylle ut offentlege skjema. Det trengs eit krafttak for å få eit betre språk i det offentlege, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV).

Prosjektet Klart språk i staten er eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) og Språkrådet. Blant anna har prosjektet lansert ein eigen nettstad: klarspråk.no. På denne nettstaden er det gode tips, ein quiz, døme på både godt og dårleg språk og ein blogg kor alle kan delta. Her finn ein også døme på ”før- og nåbrev” frå Statens Pensjonskasse sitt eige lokale språkprosjekt. Prosjektet Klart språk i staten har også delt ut midlar til lokale språkprosjekt i fleire statlege etatar. Det vert arrangert kurs i godt språk, og i år vart Statens klarspråkpris delt ut for første gong.

– Tenestemennene og ikkje minst leiarane i staten må bli mykje meir medvitne om kvifor det er viktig med eit godt og klart språk. I tillegg må etatane arbeide med språket sitt kvar dag og ikkje berre som skippertak, seier Grande Røys om målsetjinga i prosjektet.

– Ein av tre har problem

Statsråden viser til at mange har problem med å handtere språket som kjem frå offentleg forvaltning.

– Den undersøkinga eg viste til over, viste at ein av tre nordmenn har problem med å fylle ut offentlege skjema. Det er over ein million vaksne nordmenn. Mange av desse tar kontakt med det offentlege for å få hjelp til å fylle ut skjema. Mange har òg vanskar med å forstå brev og vegvisarar. Dei største problema er at mange kan få problem med å ta vare på dei demokratiske rettane sine, seier ho og legg vekt på at den einskilde borgaren har rett til å forstå offentleg informasjon. I tillegg meiner ho det er bortkasta ressursar når mange kjem attende til forvaltninga for å få hjelp til å forstå informasjonen.

Ny kommunikasjonspolitikk

Heidi Grande Røys viser også til at prosjektet er ein del av arbeidet med å lage ny kommunikasjonspolitikk for staten, der både betre språk og brukarorientering vil stå sentralt.

– Språk og kommunikasjon blir viktigare og viktigare, både for offentleg sektor, næringslivet og organisasjonslivet, meiner ho.

– Mange offentlege instansar slit med å ha eit godt nok nynorsk tilbod, vil nynorsk ha ei rolle i denne satsinga?

– Ja, nynorsk og bokmål er jamstelte i dette arbeidet. DIFI har til dømes kurs i nynorsk, nettstaden inneheld også fleire tekstar på nynorsk.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...