Heim Nyhende Betre skuleresultat med trivsel

Betre skuleresultat med trivsel

Unge som opplever at dei har det bra i liva sine, gjer det også betre på skulen, kjem det fram i ein ny rapport.

Nesten 4.000 11-, 13- og 15-åringar i heile Noreg er med i granskinga. Ho viser at livsglede, det å ha det bra i livet, har stor verdi for både skuletrivsel og skuleprestasjonar.

Rapporten som viser dette, «Sammenhengen mellom psykisk helse, skolemiljø, skoletrivsel og skoleprestasjoner», er skriven for Kunnskapsdepartementet av professor Oddrun Samdal ved Universitetet i Bergen.

Rapporten viser også at 90 prosent seier dei er over gjennomsnittet tilfredse med livet.

– Det er positive tal, og også tala for skuletrivsel er høge i Noreg, seier Samdal til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Helseåtferda til elevane har også verdi. Rapporten viser til dømes at 15-åringane treivst betre på skulen dersom dei var regelmessig aktive utanom skulen. Dei som var aktive hadde også mindre sannsynlegdom for lågare skuleprestasjonar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...