Diktarvegen og I/S Fjordvegen slo seg saman til ein organisasjon i 2012. Prosjektet er førebels lagt på is.
—
Interrimsstyret for organisasjonen er:
Solfrid Borge,ordførar i Ullensvang, leiar
Arne Kleppa frå I/S Fjordvegen
Vidar Høviskeland frå LNK
Leiv Vambheim, dagleg leiar i Hardangerrådet
Roald Bergsaker frå Stavanger Næringsforening
Desse er med:
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Nasjonalt Garborgsenter, Rasmus Løland-markeringa 2007-2011, Olav H. Hauge-stiftinga, Sivle-laget og Jakob Sande-stiftinga står bak styringsgruppa.
Visjon:
Diktarvegen skal bli den første litteraturruta i Noreg. Diktarvegen skal følgje Rv 13, og gå frå Jæren i Rogaland, via Ryfylke, Hardanger, Voss og Sogn og ende i Sunnfjord i Sogn og Fjordane.
Økonomi:
Diktarvegen har fått 700 000 i oppstartkapital frå Kommunal- og regionaldepartementet (2009).
Tidslinje:
2008 Hausten – ideen vart drøfta på eit møte i Ulvik i Hardanger i samband med poesidagane.
2008 I oktober 2008 vart det oppretta ei styringsgruppe som sendte ein søknad om støtte til prosjektet og planla ein konferanse om temaet.
2009 15 og 16 april – den første Diktarvegkonferansen vert arrangert i Ulvik
2009 Hausten 2009 – Planleggingsfase
2009 9. september – Kommunal- og regionaldepartementet støttar prosjektet med 700 000 kroner
2010 Våren 2010 – planleggingsfase
2010 8. og 9. april – Den andre Diktarvegkonferansen – Balestrand
2011 Diktarvegen og I/S Fjordvegen vedtek å slå seg saman og danne ein nyn orsganisasjon.
Kontaktperson(ar):
Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland
PRESSE:
Eigne saker:
Framdriftsplan for Diktarvegen
Stamvegstatus bra for Diktarvegen
Presseoppslag:
700 000 kroner til Diktarvegen
Kulturgardar – eit pluss for landbruket
Døde forfattarar og levande distriktspolitikk
Framdriftsplan for Diktarvegen
Ein riksveg og fem døde forfattarar
Litterære bautaer langs Fjordvegen
Lovar framleis aktiv distriktspolitikk
– Spanande samarbeid mellom kultur og næring
Kleppa besøker Nesbyen, Voss, Ulvik og Vinje