Ei gruppe russ i Hallingdal er lei av amerikanisering og ønskjer å vise at dei er stolte av dialekta si. Første steg på vegen mot ei russefeiring på halling, er å døype russebilen til “Bembilen”.
Bembil tyder navle, skriv avisa Hallingdølen. I avisa fortel ungdommane at dei også har planar om å rosemåle bilen, dei skal lage russesong på halling og prøve å styre klar engelske namn i russefeiringa.