Heim Nyhende Nytt leksikon lettar kvardagen for nynorskelevar

Nytt leksikon lettar kvardagen for nynorskelevar

– Allkunne gjer det lettare å vera nynorskelev og gjev dei ei sterkare språkleg sjølvkjensle. Det sa Vibeke Laurtisen då ho tysdag var med å opna nettstaden allkunne.no, eit nytt digitalt leksikon på nynorsk.

Lauritsen arbeider til dagleg som lektor ved Kristiansand katedralskole og er éin av medlemmene i redaksjonen for det nye nettleksikonet. Bak nettstaden står Allkunne AS, eit aksjeselskap som er eigd av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum. Desse institusjonane har i mange år arbeidd for å få til eit nynorsk oppslagsverk på nettet. Skuleelevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule er saman med vaksne nynorskbrukarar dei viktigaste målgruppene for det nye oppslagsverket.

Nynorsk kulturhistorie
Allkunne har i første omgang prioritert stoff om nynorsk språk- og kulturhistorie.

– Vi har mellom anna arbeidd mykje for å få på plass gode artiklar om samtidsforfattarar, og fleire av dei viktigaste samtidsforfattarane får grundige presentasjonar på Allkunne, sa direktør i Samlaget Tove Lie.

Nettstaden inneheld også historisk stoff om den nynorske kulturhistoria. Her finst også informasjon om sentrale institusjonar og organisasjonar, aviser og kommunar, språk og språklege emne.

– Så langt ha vi publisert nær 850 artiklar. Mange fleire er i arbeid, slik at talet vil stiga fort. Vi er òg i ferd med å inngå avtale med Cappelen Damm om kjøp av rettane til å omsetje og tilretteleggje meir enn 30.000 artiklar frå Caplex, slik at vi skal verta meir enn eit leksikon om nynorsk kulturhistorie. Vi skal vera eit allment nettleksikon på nynorsk, understreka Lie.

– Demokratisk viktig
– Demokratisk viktig, var ord som gjekk igjen hos fleire av dei som hadde ordet under lanseringa. Det vart peika på at nynorsk i dag er mangelvare på internett og at Allkunne er viktig for at nynorskbrukarar skal kunna bruka sitt eige skriftspråk på lik linje med andre.

– Allkunne er også viktig utdanningspolitisk, kulturpolitisk og geografisk, sa Lie. Ho viste mellom anna til Noreg treng ein kunnskapsdatabase som legg vekt på regional informasjon og omtale av samfunnsaktørar og profilerte nynorskbrukarar som i dag ikkje finst i noko oppslagsverk.

– Kvalitet
Kvalitet var eit anna ord som varte teke opp att.
– Artiklane våre skal ha tre kjennemerke. Dei skal vera gode, pålitelege og oppdaterte. Brukarane våre skal finna godt stoff på eit godt språk, dei skal vera sikre på at det som står her er til å stola på, og dei skal òg vera trygge på at artiklane våre er oppdaterte, sa Lie.

Ho fortalde at tekstane er kvalitetssikra både når det gjeld innhald og språk før dei blir publiserte, og slo fast at stoffet held høg kvalitet frå dag ein.

60 forfattarar
Allkunne har så langt gjort avtale med 60 forfattarar frå heile landet til å skriva for det nye leksikonet.

– Vi har lagt vekt på å rekruttera frå ulike miljø og med ulik bakgrunn. Dei yngste forfattarane er i 20-åra, den eldste over 80, sa Tove Lie.

Selskapet Allkunne AS vart oppretta i 2008. Eirik Helleve er dagleg leiar og Ottar Grepstad er hovudredaktør. Prosjektet har fått statleg tilskot sidan 2006. (©NPK)

 

Førre artikkelNy regjering
Neste artikkelRussefeiring på halling

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...