Yasmin Syed frå Vinje i Telemark får Kringkastingsprisen for 2009.
Syed har vore både programleiar, skodespelar, musikar og kanalvert i NRK. Jula 2008 var ho programleiar for Julemorgen i NRK saman med Kåre Magnus Bergh Dessutan har ho vore programleiar for det direktesende livssynsprogrammet ”STYRK Live ” i NRK. Også i TV 2 har ho hatt ei rolle, som politioverkonstabel i TV-dramaet ”De Syv Søstre.”
Sjølv om Yasmin Syed har budd både i USA, Skien og i Oslo har ho aldri gitt slepp på Vinje-dialekten sin. Difor er det eit normalisert nynorsk med eit tonefall frå Vest-Telemark som karakteriserer språkbruken til Yasmin Syed, og ho brukar dette språket på ein trygg og tillitvekkjande måte, anten ho er kanalvert, programleiar eller les kommentarar til utanlandske TV-dokumentarar.
I grunngjevinga til juryen heiter det: – Yasmin Syed bruker nynorsk med eit tonefall frå Vest-Telemark, og gjer det på ein trygg og tillitvekkjande måte, anten ho er kanalvert, programleiar eller les kommentarar til utanlandske TV-dokumentarar. Slik viser ho at nynorsken høgste grad er levande også på Austlandet.
Kringkastingsprisen har blitt delt ut årleg sidan 1978 og går til personar som “på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet”.