Heim Nyhende Les, syng og skriv på nynorsk

Les, syng og skriv på nynorsk

Biblioteket er blitt sjølve hjartet på Os skule. Der går språkdiskusjonane høgt, og elevane får fråsse i nynorske bøker.

Med prosjektet ”Vi les, skriv og syng på nynorsk!” feiar Os skule bokmål av banen. I den bynære kommunen Os er lærarar og elevar blitt opptatte av å ta vare på lokal dialekt og kultur og nynorsk skriftspråk. Denne dagen er det Den internasjonale språkdagen som står på programmet, og sjuendeklassingane lyttar med konsentrerte øyre når bibliotekar Annbjørg Dalland les dikt på ulike nordiske språk. Elevane gjettar kva språk ho les, og dei treff stort sett på første forsøk. Truleg er det nynorskprosjektet som har vore med på å kvesse språkøyra deira.

Litt kjekt og litt stress

– Kva lærer de i nynorskporsjektet?

Svara frå sjuandeklassingane er mange:

Det er slitsamt òg å skrive nynorsk fordi orda er så lange. Men det er betre å skrive ”eg” enn ”jeg”, meiner Jone.
Vi syng songar på nynorsk og les forfattarar som skriv på nynorsk, utdjupar han.
Vi lærer andre språk, som svensk og dansk, seier Hanna.
Vi lærer å skilje mellom ulike ord. Svensk liknar mest på nynorsk, medan bokmål kjem frå dansk, føyer Ingrid Marie til.
På spørsmål om dei likar å jobbe med nynorskprosjektet, er svaret at det både er litt kjekt og litt stress, men at det same kva er bra med noko nytt og annleis.

Nynorsk i alle fag

Dei to bibliotekarane på skulen, Annbjørg Dalland og Randi Trovåg, er primus motorar i prosjektet. Det var også herfrå sjølve ideen til ”Vi les, skriv og syng på nynorsk!”, som starta førre skoleår, kom. Skulen søkte Nynorsksenteret om støtte og fekk ja. To skuleår får dei pengar derifrå til å kjøpe inn ekstra undervisningsmateriell, nynorsk litteratur, hente inn eksterne lærekrefter og kurse lærar. Best mogleg nynorskundervisning er fokus i alle fag. I musikktimane syng elevane lokale viser på Os-dialekt. Dei hentar fram lokale rim og regler. Som ein del av prosjektet har dei også hatt besøk av Reidun Hernes, som har skrive doktorgrad om Os-målet. Noko av norskundervisninga til elevane er flytta til biblioteket.

Vi har fokus på å løfte fram nynorsk litteratur. Ungar er veldig interesserte i språk, og dei er i grunnen ikkje så opptatte av om ei bok er skriven på nynorsk eller bokmål, seier bibliotekar Dalland, medan ho viser rundt i bokoasen sin.

Sunt med fleire språk

– Vi vil skape openheit og medvit rundt kva som er godt språk, påpeiker rektor Anne Fossberg Fristad.

Ho fortel at med stor tilflytting av bergensarar til kommunen får skulen spørsmål om å opprette bokmålsgrupper.

Men mange foreldre har så langt kome med positive reaksjonar på prosjektet vårt, held rektoren fram.

Ho meiner det er viktig å ta vare på det språkmangfaldet vi har her i landet.

I andre land har dei ofte fleire språk enn vi har her i Norge. Eg trur det er sunt å ha fleire språk, seier ho og reflekterar vidare rundt samanhengen mellom kultur, identitet og språk.

– Kva ønskjer de å oppnå med ”Vi les, skriv og syng på nynorsk!”?

Vi håpar at elevane vil kjenne seg som trygge og stolte brukarar av nynorsk, og at fleire vil halde på det nynorske språket heile skuleløpet ut. Dei får same kva med seg ein god ballast, trur Fristad.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...