Heim Nyhende Debutboka til Maria Parr blir Barne-TV

Debutboka til Maria Parr blir Barne-TV

Den kritikarroste debutboka til Maria Parr, «Vaffelhjarte», blir neste år å sjå som Barne-TV på NRK.

Maria Parr debuterte med «Vaffelhjarte» i 2005. Boka fekk svært gode kritikkar. Den unge forfattaren vart samanlikna med Astrid Lindgren og fekk ei rekkje prisar. No blir altså den prislønte boka til film.

Samlaget fortel at det skal lagast ein fjernsynsserie på sju episodar. Atle Knutsen, som har hatt regi på seriane «Linus i svingen» og «Jul i svingen» får ansvar for manus og regi. Serien skal spelast inn vinteren 2011 og skal sendast på NRK neste haust.

I boka følgjer vi to oppfinnsame niåringar gjennom eit heilt år. Boka er full av humor og elleville påfunn, men innimellom leiken tek boka opp alvorlege tema som vennskap, flytting, sorg og død og redsla for å mista nokon ein er glad i. Boka er seinare selt til seks land.

I fjor kom Maria Parr med si andre bok «Tonje Glimmerdal». Også denne boka har fått glitrande kritikkar og har vunne fleire prisar. Boka er førebels selt til fem land.(NPK)

Førre artikkel– Vis fram jobbane
Neste artikkelVeks på fisk og olje

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...