Heim Nyhende Veks på fisk og olje

Veks på fisk og olje

Giske-ordførar Knut Støbakk kan gle seg over auke i folketalet. Det veks godt i øykommunen vest for Ålesund.

Giske kommune ligg rett vest i havet frå Ålesund. Øyane Valderøy, Vigra, Giske og Godøy var fram til 1987 øyarsom ein måtte i båt for å nå. Så kom samferdselsrevolusjonen. Øyane vart knytte til fastlandet og Ålesund gjennom bruer og undersjøiske tunnelar. Og i haust fekk øyfolket nok ei glede. 22 år med bompengar var over.

– For Giske kommune har tunnelsambandet vore svært viktig. Vi har betalt dyrt for det, men det har vore verdt kvar ei krone, seier ordførar Knut Støbakk (Krf). Støbakk er inne i si andre periode som ordførar i Giske.

Og at øyfolket har betalt, fortel sluttrekneskapen alt om. I løpet av 22 år har det blitt betalt inn rundt 1,4 milliardar kroner i bompengar.

– Siste året vart det betalt inn 100 millionar kroner. Dette er pengar som no vert frigjort til andre føremål. Klart slikt merkast. Vår utfording er å skape eit så godt næringsliv lokalt at desse pengane vert igjen på øyane og ikkje tek vegen til Ålesund, seier Støbakk.

Men med bortfallet av bompengar kom òg Ålesund sentrum svært nær øyane i Giske. Dei fleste av dei 7000 øybuarane kan no køyre til bysentrum på rundt kvarteret.

(Teksten held fram under bildet.)

Ordførar i Giske

Kommune i vekst

Giske kommune er ein av landkommunane som har sterkast vekst i folketalet. 2009 gav ein tilvekst på rundt 130.

Dette gjev oss store utfordringar både når det gjeld skular og eldreomsorg. Kommunestyret har alt vedteke å byggje ny sjukeheim og ny skule på Valderøy. Dette er heilt nødvendige satsingar, men det er òg dyrt. Vi veit at den auka gjelda vil gje oss utfordringar i åra som kjem, seier Giske-ordføraren.

Sjølv om Giske er ei øykommune, har ein heilt sidan 1958 vore eit kommunikasjonssenter i Møre og Romsdal. Vigra flyplass er i dag den største mellom Bergen og Trondheim. Det er i dag ni daglege turar mellom Vigra og Oslo. I tillegg er det samband langs kysten både sørover til Bergen og Stavanger og nordover til Trondheim.

Siste åra har Vigra flyplass også blitt ein internasjonal flyplass, med to daglege ruter til København og rute til Riga. I tillegg kjem den store chartertrafikken, med ni turar kvar veke, som sender sunnmøringane til sol og sommar.

Vi har store ambisjonar for flyplassen på Vigra, seier lufthamnsjef Tor Hånde i Avinor.

Det siste året har vi bygd ut terminalen for rundt 50 millionar kroner. Vi satsar på at Vigra skal vere det naturlege valet for alle i Møre og Romsdal og Nordfjord når det gjeld utanlandstrafikk. Dette gjeld både charter- og rutefly. Denne sommaren har vi tre avgangar kvar veke til Tyrkia, to til Kreta og ein til Kroatia, Mallorca, Bulgaria og Tunisia. I tillegg kjem daglege rutefly til København og tre turar kvar veke til Riga.

For Giske som vertskommune til flyplassen betyr denne aktiviteten sjølvsagt arbeidsplassar. I dag er det rundt 200 som har sitt daglege arbeid her, seier Hånde.

 

Fisk viktig

Men som for dei fleste andre øysamfunn, er det i Giske havet, fisken og no oljen som er viktigast.

Vi har ein unik flåte av banklinefartøy. Godøya har i dag landets sterkaste miljø for denne fartøygruppa, seier ordføraren, som sjølv har si fortid nettopp som fiskeskipper.

I tillegg har fleire rederi dei siste åra bygd opp ein stor flåte med havgåande trålarar.

Og langs strendene er framleis fiskeforedling ein viktig næringsveg. Dette gjeld både tradisjonell produksjon av saltfisk og klippfisk, men òg spesialprodukt som lutefisk. I tillegg er sjølvsagt produksjon av ulike lakseprodukt ein viktig del av kvardagen i øysamfunnet.

Giske har òg sin del av oljeindustrien. Subsea 7 har etablert ein spolebase for rør. Dette gigantanlegget og alle ringverknadane det har skapt, betyr mykje for det lokale næringslivet. Dei siste par åra har kommunen saman med Subsea 7 fylt ut eit industriomåde i sjøen på storleik med eit vestlands gardsbruk. Dette ligg heilt inn til skipsleia langs kysten og har fleire djupvasskaier. Frå dette området går det ei tre kilometer lang rørgate opp til eit produksjonsanlegg for gass- og oljerør.

Giske kommune satsar mykje på å verte ein sentral plass i oljeverksemda på Mørekysten.

Utanom Subsea 7 er Optimar ei svært viktig bedrift i Giske. Dei produserer høgteknologisk utstyr for næringsmiddelindustrien, spesielt for handtering av fersk fisk. Marknaden er heile verda. Optimar har saman med ungdomsskulen på Valderøy laga fleire prosjekt der dei forsøker å vise ungdommen korleis den nye kvardagen i den moderne industrien er.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...