Heim Nyhende Ung og historisk

Ung og historisk

 

Kultur og historie har gode vekstvilkår i Giske. Giske kyrkje, eit marmorbygg frå 1100-talet, vart i si tid ført opp av Arneungane og er i dag sjølve perla i det historiske Giske. I år kom òg ei praktbok ført i pennen av tidlegare ordførar Elias Giske, om denne spesielle kyrkja.

Rett ved kyrkja vert det annakvart år sett opp eit historiske spel, Giskespelet. Her er Arneunge-ætta og deira tilhøve til Heilag Olav tema. Og berre så det er sagt: Det var ein av Arneungane, Kalv Arneson, som har fått ord på seg for å vere den som tok livet av Heilag-Olav på Stiklestad. I dette spelet og aktivitetane rundt er heile øya med. Skulen er sentral i førebuinga til spelet, og dei fleste av borna har roller.

Men Giskespelet er langt frå noko amatørteater. I år hadde Nicolai Cleve Broch rolla som kongen, Olav Haraldsson. Giskespelet fortel soga om Arnesønene, som var kongen sine trufaste menn på reiser i inn- og utland. Men det er òg ei forteljing om sterke kvinner, først og fremst Ragnhild, dotter av Erling Skjalgsson. Og sjølvsagt dukkar det også opp ein islandsk rival, Stein Skaftesson. Som ved så mange av dei historiske spela er det Johannes Heggland som har stått for manus.

Men øya Giske med sine rundt 700 fastbuande er eit kultursenter, òg på andre felt. Dei siste åra har musikklivet, særleg populærmusikken, sett sitt preg på livet der. Sist sommar var meir enn 10 000 unge samla til Sommarfest på Giske. Dette er ein heilt spesiell musikkfestival. Alle band stiller opp gratis, og det er gratis å komme inn.

Kva så med kvaliteten? I år var høgdepunkta Alexander Rybakk, Marit Larsen, Maria Mena og sjølvsagt øya sine eigne superstjerner, The Margarets. Det er ungdommane i denne popgruppa som står bak heile festivalen. Seint denne hausten kunne dei opne eige musikkstudio i fjøra på Giske. Over 5 millionar kroner har dei satsa, og resultatet er eit av dei beste studioa i landet.

Ungt og gammalt side om side møter ein også på Valderøy. Skjonghellaren, med ei historie 30 000 år tilbake i tida, ligg side om side med det nye idrettsanlegget på øya. Her har IL Valder grasbane, 12 000 kvm med kunstgrasbane og eit heilt nytt friidrettsanlegg. I tillegg til dette er det idrettshallar på Godøy og Valderøy. Grasbaner for fotball finn ein to av på Vigra og ei på Giske og Godøy.

– For idrettslivet i Giske har den satsinga som IL Valder har stått for, gitt eit kjempeløft. Med eit idrettsanlegg som dette heilt inntil eit unikt område for tur- og friluftsliv har vi no sjansen til å gje eit aktivitetstilbod til folk i alle aldersgrupper, seier leiar i IL Valder, Anton Flåen.

Idretten står sterkt på alle øyane i Giske. Sjølv om fotball er den dominerande aktiviteten, er sjø- og båtliv ein sjølvsagt del av kvardagen til dei 7000 øyingane. Medan byfolk snakkar om parkeringsplassar, er det hamneplass som er tema når folk i Giske møtes. Sjølv om det stadig veks på med småbåthamner, er behovet enormt. Og det er vel heller ikkje til å kome forbi at småbåtane og har vakse med åra.

Og med sin plass vest i havet er sjølvsagt seglsport med og utan båt ein stor aktivitet. For brettsegling og ikkje minst kiting, som treng meir vind, er områda rundt øyane i Giske mykje brukt både som rekreasjon og til konkurransar.

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...