Universitet i Oslo (UiO) må gjere ein betre jobb i å lære lektorstudentane nynorsk, seier professor i norskdidaktikk Torill Steinfeld.
Professoren meiner universitetet ikkje har nokon oversikt over kor gode studentane er i nynorsk når dei går ut av skulen. No ønskjer ho at UiO skal gje elevane fleire øvingar, prøver og obligatoriske innleveringar på nynorsk. I forhold til andre utdanningsinstitusjonar har UiO få obligatoriske nynorskemne, melder Universitas.