Heim Nyhende Må slite i åtte år til med Terrasaka

Må slite i åtte år til med Terrasaka

Fire av dei åtte kommunane som tapte stort på amerikanske risikofond, reknar med at opptil åtte år til må gå før rekninga er betalt.

Dei fleste klarer oppgjeret utan store kutt i velferdstilbodet, skriv Nationen.

Innbyggjarane i Vik i Sogn ser ut til å bli hardare ramma enn dei som bur i dei sju andre Terra-kommunane.

– Sidan 2008 er eit eldresenter langt ned, symjebassenget er tømt for vatn, skulestrukturen endra og vi har kutta i seniortiltak og sentraladministrasjonen. Vi har heller ikkje hatt pengar til utviklingsarbeid, og vi måtte innføre eigedomsskatt på privathus og fritidsbustader, fortel rådmann Oddbjørn Ese.

Sparekniven har skore djupt også i Nordland-kommunane Hattfjelldal og Hemnes. Hattfjelldal har skore ned med 10 prosent på alle budsjett, og i Hemnes har dei også kutta litt på alt.

I Bremanger utgjer tapa nesten 60.000 kroner per innbyggjar, og ordføraren reknar med at kommunen må slite med rekninga heilt til 2017.

I Narvik måtte heile toppadministrasjonen i kommunen gå ettersom Terra-smellen på 188 millionar kom på toppen av fleire år med driftsunderskot.

Både Rana kommune i Nordland og Haugesund i Rogaland dekte inn siste rest av tapet på rekneskapen i 2009. I 2010 vil Kvinesdal kommune innfri alle krav til budsjettoverskot.

Totalt for alle åtte Terra-kommunane ser rekninga ut til å hamne opp mot 1.100 millionar kroner. (©NPK)

 

Førre artikkelForslag om fritak
Neste artikkelSpråklege skilnader

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...