Heim Nyhende Språklege skilnader

Språklege skilnader

– Dei språklege skilnadene aukar i Noreg, og det er bra, sa direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet då han nyleg lanserte “Språkfakta 2010”.

Denne kartlegginga er den mest omfattande dokumentasjonen av språk i Noreg som nokon gong har vore laga.

– Innbyggjarane kjem frå over 200 land, og skulane har det siste tiåret undervist i over 180 ulike språk, sa Grepstad. – Engelsk pressar mot bokmål i næringsliv og underhaldning, og bokmål pressar mot nynorsk på dei fleste områda. Bruken av nynorsk er likevel ganske stabil, og der bruken av engelsk aukar, går det meir ut over bokmål enn nynorsk, sa direktøren i Ivar Aasen-tunet.

Koranen på nynorsk

“Språkfakta 2010” er publisert som gratis e-bok på www.aasentunet.no. Kartlegginga seier også noko om det språklege mangfaldet.

– Den språkdelte norske kulturen blir akseptert av jamt fleire. Tida for ideen om det eittspråklege Noreg er ute, seier Grepstad. For å fremje språkleg og kulturell integrering meiner han grunntekstar frå fleire religionar bør finnast på både nynorsk og bokmål. – For hundre år sidan var det viktig å få Bibelen på nynorsk. No er det viktig at også Koranen blir omsett til nynorsk, seier direktøren i Ivar Aasen-tunet.

I fylgje kartlegginar er minst 550 000 nordmenn nynorskbrukarar. Blant desse nynorskbrukarane er truleg fire av ti reelt tospråklege ved at dei bruker nynorsk og bokmål om lag like mykje. Bruken av nynorsk minkar noko i skulen, men er stabil i kyrkja og NRK, heiter det i pressemeldinga frå Aasen – tunet.

Språkleg einsretting

Kartlegginga viser også at bøker på nynorsk utgjer 6 % av alle utgivingar frå norske forlag. Noko som også var situasjonen tidleg på 1900-talet. Bokklubben Nye Bøker er den største bokklubben for samtidslitteratur. Frå 1976 til 2009 har klubben presentert over 500 hovudbøker. 4 % av desse har vore på nynorsk. Derimot har 22 % av alle Brage-prisane gått til nynorskforfattarar.

Ottar Grepstad la også vekt på at pressa bruker meir nynorsk enn før.

– Aviser redigerte på nynorsk og begge målformer har auka sin del av det samla avisopplaget det siste tiåret, seier Grepstad. – Dei fleste nynorskavisene er lokale fådagarsaviser, og desse står førebels sterkt i konkurransen med nettmedia.

Når det gjeld universitet og høskule meiner direktøren i Ivar Aasen – tunet at situasjonen er ein annan. Berre 3 % av studentane skriv masteroppgåvene sine på nynorsk. Då desse studentane gjekk i grunnskulen, hadde 17% av elevane nynorsk.

– Med høgare utdanning aukar den språklege toleransen, men også den språklege einsrettinga, seier Grepstad, som ikkje trur interessa for å bruke norsk er så mykje mindre i næringslivet enn ved universitet og høgskular.

Foto: Ivar Aasen-tunet

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom. Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit...

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal...

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...