Heim Nyhende Vil endre haldningane

Vil endre haldningane

NHO og Språkrådet håpar ein eigen språkplakat skal føre til auka bruk av norsk språk i næringslivet.

I fjor lanserte Språkrådet og NHO ein eigen språkplakat for næringslivet der slagordet var: Bruk norsk når du kan, engelsk når du må. Dåverande direktør i NHO, Finn Bergesen, meinte plakaten var ein del av eit viktig haldningsarbeid, og at verksemdene burde få eit medvite forhold til det norske språket.<!–

Norsk når ein kan

– Finn Bergesen var opptatt av språk og språkpolitikk. Han skjønte at språket var viktig, ikkje berre i den offentlege sektoren, men også i det private næringslivet, seier direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, til LNK-avisa om den tidlegare NHO-direktøren.

Språkrådet kan ikkje påleggje det private næringslivet ein bestemd språkpolitikk, språkplakaten er difor berre basert på råd og rettleiing om språk og språkbruk til verksemdene. Mellom anna slår plakaten fast at norsk er det naturlege språket for norsk næringsliv. Det blir lagt vekt på at norsk er eit meir presist språk enn engelsk, og at norsk er det beste språket å bruke når ein til dømes skal lage reklame eller lyse ut stillingar på den norske marknaden.

Plakaten viser til at ei verksemd på ein internasjonal marknad har behov for fleire språk, og at verksemda bør nytte det språket som høver best i den konkrete kulturelle samanhengen. NHO og Språkrådet legg også vekt på at det ikkje er nokon motsetnad mellom det å vere for globalisering og samstundes ta vare på norsk kultur og språk.

Tenkjer økonomi

– Kvifor trur du mange verksemder bruker så mykje engelsk?

– Det må dei svare på sjølve. Eg trur likevel det har mykje med medvitsløyse å gjere. Engelsk er jo trass alt meir komplisert å bruke enn norsk. Men dei tenkjer kanskje at det høver seg betre? Det er ikkje sikkert alle medlemmene i NHO kjenner til språkplakaten eingong. Det handlar om haldningar, seier Lomheim.

Sylfest Lomheim slår også eit slag for bruk av dei skandinaviske språka i næringslivet.

– Me har som arbeidsmål å fylgje dette opp. Det må også vere eit mål å få næringslivet til å skjøne at dei kan tene meir pengar på å bruke skandinaviske språk. Engelsk kan dei bruke når dei må, og då på den intelligente måten, slik at dei tener pengar på det, seier han og legg vekt på at dette er eit språk næringslivet forstår.

Næringslivet skal tenkje økonomi, dei skal konsentrere seg om å tene pengar og skape arbeidsplassar, slår Lomheim fast.

Han meiner det viktigaste er å endre haldningane til språk ute i næringslivet, og viser til tidlegare partisekretær i Arbeiderpartiet, Martin Kolberg, sitt mantra: Fagrørsla, fagrørsla, fagrørsla.

For oss må det då bli haldningar, haldningar og haldningar, slår Lomheim fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...