Heim Nyhende – Heilt naturleg

– Heilt naturleg

Lerum, som held til i saftbygda Sogndal, har ein solid nynorsk profil. Administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug meiner det ville vore unaturleg å marknadsføre seg på bokmål.

– Kva er grunnen til at di bedrift vel å profilere seg på nynorsk?

– Me meiner at det er det einaste som er naturleg for oss. Me snakkar nynorsk, me skriv nynorsk, og me er frå Sogn. Difor ville det vere unaturleg å marknadsføre oss på bokmål. Dessutan er nynorsk eit flott språk, med mange flotte ord som kan brukast i marknadsføring.

– Kva attendemeldingar har de fått på språket?

– Stort sett har me berre fått positive attendemeldingar på at me bruker nynorsk, sjølv om det vart uttrykt mykje skepsis både internt og eksternt når me tok avgjerda.

– Kva trur de er grunnen til at mange bedrifter vegrar seg mot å profilere seg på nynorsk?

– Nynorsk har vore framstilt i nokre fora som eit hata språk, spesielt i Oslo-området, der det har vore skepsis til faget i skulen. Dette gjer nok sitt til at mange bedrifter trur det er ei ulempe å marknadsføre seg på nynorsk. Me fekk òg høyre at det var mange som ikkje kom til å kjøpa produkta våre, sidan dei hadde stor motvilje mot nynorsk. Dette har ikkje slege til; dei fleste seier det gir ei tryggleikskjensle å vite at me torer å skrive det språket som er identiteten vår.

– Kan nynorsk vere ein god måte å skilje seg ut på marknaden?

– Nynorsk har for oss vore ein måte å gjere oss betre kjent hjå kundane våre. No veit nær sagt alle at me er frå Sogn, der me har gode vilkår for frukt- og bærdyrking. Me bruker nynorsk til alt, akkurat slik Kari og Nils Lerum gjorde då dei starta opp Lerum for meir enn 100 år sidan. For oss har det ikkje vore negativt.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...